tirsdag 30. juni 2020

Måne med ryggen til

om natta
vaknar graset,
dansar sine mjuke dansar
i skuggen av ustadige bjørketre

det er som eit hav
med ukjente djupner

dei som har sett det
og våga seg med
har aldri meir blitt sett

--

månen gøymer dei triste auga,
veit så mykje
seier så mykje
mindre

alt vert gjettingar
men huda høyrer og trur kvart ord




mandag 29. juni 2020

Dagane etterpå

dagane etterpå
det er dei som tel

når det siste lyset har blitt sløkt
gjestane har gått
maten er rydda av bordet
oppvasken ferdig
kransekaka smula opp
alle smellbonbonane ligg som bilvrak
       på kjøkkenbenken
nokre einslege pakkeband
       har gøymt seg vekk i ein krok

og de kjenner varmen
frå den andre sin kropp, pusten
ei veksling mellom hjartefrekvensar
og gode blikk

frå no av
er det de to, i alle dagar
etterpå
og det er det som er viktig


lørdag 27. juni 2020

eg ventar på det uventelege

dette er alt eg venta på

eit pust
mot natta
ansiktet ditt stig fram
frå draumen

navigeringspunkta
flyttar seg på himmelen

desse fyrlyktene
stod ikkje her sist

tusen gonger har eg gått på grunn
og lyfta båten laus,
sett den på graset i skogen
og latt vinden fylle store raude segl

eg venta på dette, det er alt
alt
seier eg ...

somme netter går tida baklengs,
dobbelt så fort som lyset
og eg er urøynd
i alt eg kan




fredag 26. juni 2020

Midt mellom alt

med venstre hand
skrellar eg fjell fri for hud,
dreg ut sovande fisk
frå stivna eld

med høgre hand
lyfter eg lyset ned frå himmelen
og plantar det
i nypløgde åkerfurer

set meg til å vente,
let venstre hand kviskre
ord med lange skuggar,
let høgre hand lytte
med attmura øyre

er eit ingenmannsland
midt imellom

ventar den nye dagen
skal vekse fram
som ein eksplosjon


torsdag 25. juni 2020

14 ord

eg gav deg fjorten ord,
fjorten av dei viktige
som
kjærleik
håp
og tru  -  det er kanskje dei største
men du fekk også kos
ærleg
trufast og mjuk

det du aller mest ville ha
pakka eg inn
og gav i gåve
ved alle store høve,
ord som tid
ro
og fellesskap

og varme blikk ...

dei tre siste laga eg
eit smykke av
og hengde det rundt hjartet ditt
som ei påminning
om noko berre du og eg har saman

der heng dei
skjult for andre auge

det er berre me to
som veit --




onsdag 24. juni 2020

Ikkje godt å vite

det er ofte det stikk motsette
som hender,
handa byter plass med hjernen
og orda du høyrer
er kodar frå fingeravtrykk og muskelfiber

nervecellene knyter seg saman
til knyttnevestore slegger,
banar seg veg gjennom auge og øyre

knuser seg veg
heilt inn til kjernen

og så snur alt
plutseleg har eg undertaket
og finn meg sjølv på rygg
i ei eng av blomar
medan eg tel skyer og bier
og lest som ingenting har hendt

kanskje har det ikkje det heller