fredag 30. mai 2014
Brikke
du er ei brikke
i det store spelet
ein bit
i hopen
likevel unik i din eigen kamp
mot tyngdekrafta
dødskreftene som gjer krav på oss alle
på same måten -
som vi må møte
på vårt eige vis
kanskje er det slik
at vi veks som ulike strålar
rundt ein kjerne av det same stoffet -
den same lengten etter utfriing
fridomen vi meir anar enn veit
finst også for oss
(Fredagstema)
Etiketter:
døden,
fredagstema,
Fridom,
kunst,
livet
torsdag 29. mai 2014
Eg vandrar i hagen -
eg vandrar i det doggvåte graset
set ned foten
på det mjuke teppet
balansekunst
mellom bed og singel
stein og mur
ein sti for meg,
ein utkikksplass
til liv som hevar seg
veks mot den blå himmelen
fylte med ei usynleg
ugripeleg kraft
noko som er lagt der
som ei lov
allereie før frøet vart delt
blomen, fylt av krafta
byrja å strekke seg gjennom molda
mot lyset og varmen -
eg går med audmjuke steg
forbi dei lysande skilta
dei lokkande ropa
ei taus bøn, eit håp
om å bli sett
bli verdsatt for den ein er
bruke all sin energi
på ei falmande utstilling
- snart kjem hausten
å, mine blomar
mine vakre blomar
som de strevar, som de lengtar -
eg vandrar i hagen
kjenner graset som kitlar
under vintermjuke, kvite føter
alle sansar som vert fylte
av lukter og fargar, mjuke rørsler
og strålande refleksjonar
eg vandrar mellom blomar
dei ferske og friske
dei som endå ikkje har kjent stormen -
kor eg gjerne skulle vere der
blant dykk
vere fri, vere naiv og optimistisk
vere håpefull og uvitande
om dei kalde frostfingrane
som ein dag vil stramme sitt grep
kor gjerne eg skulle vore der
som ein av dykk
og berre stråle, av all mi kraft -
nokre blomar, som dei små og svake
vekker andre kjensler
andre ord og melodiar
ein kjærleik som strøymer over
mjuke vindar gjennom hagen
ein lett bris, som lyfter
og eg set meg på huk,
let blikket kvile
ved dei vevre kronblada
dykk, tenkjer eg
går det ikkje an å mislike
ingen kan hate slike, frykte slike -
og den mørke skya, eit minne
svevande over mine indre fjerne landskap
eit varsel ein kunnskap;
eg har sett tynne stilkar, små små kronblad
liggje nesten usynlege, vekkgøymde
og snittet var reint, spor etter skarpslipte knivar -
eg vandrar i hagen
er taus, kjenner meg rar
som om eg trakkar framand grunn
vindane har stansa
sola har fått eit raudleg skjær
og himmelen i aust er nesten mørk
blomane heng med hovuda
som i eit stille farvel
eit audmjukt bukk før natta
før fargane forsvinn
og verda endrar modus
vert til noko ventande, sårt
og det er naturleg, det er livets gong
berre
at det endå er midt på dagen -
vekkgøymd, avsondra
mellom grøne blad og dominerande busker
bak tause grå murar
der ein ikkje ser
før ein verkeleg går inn for
å sjå
står dei vakraste blomane
dei som stråler mot verda
i ei kraft, ein glans, av noko evig
og aldri om dei stansar songen
aldri om synet vil forlate deg
når du først har sett
det vert som ein draum i deg
ein lengt mot andre strender
hagar der vinteren aldri får tak -
eg vandrar i hagen
mitt kongedømme, forgjengeleg, skjørt
fryktar vinteren, men veit at den aldri kan vinne
(Torsdasgtema)
onsdag 28. mai 2014
Høgdepunkt
Der du ikkje kjem høgare opp, der fjellheimen breier seg ut i all sin velde og sluker alle tankar om kvardagslege trivialiteter, bekymringar for rekningar eller overtid eller kva ein skal ete til middag i morgon, og fyller deg med ei kjensle av avmakt, blanda med respekt, blanda med vidsyn, blanda med ei erkjenning av at uansett kor liten du er og kor stor verda enn måtte vere, er du like fullt ein bit av dette puslespelet, ei brikke i det historiske spelet som har breidd seg utover geografien sidan jorda var nyskapt og ung - den gongen desse fjella endå ikkje hadde stige frå havet, og tanken om deg, at du skulle komme til eksistens, fortsatt var ein godt gøymt løyndom i hjarta til han som endå svevar over vatna, og fornyar jorda endå ein vår. Der kan ein kjenne at ein lever.
(Onsdagstema)
Etiketter:
fjell,
leve,
livet,
perspektiv,
verda
tirsdag 27. mai 2014
Eg i firkanten
og
kva om eg strekar ein firkant i sanden,
merkar
av ein stad som er meg
let
alle definisjonar peike sine piler
innover
mot firkanten
samtidig
vil tyngdekrafta dra meg ned
klemme
meg mot bakken – i firkanten
og
kva om alle kan sjå og peike, seie
der
er han, slik er han, vi veit vi veit
utan
at eg så mykje som blunkar med auga
eller
lear på ein finger
utan
at verda stoppar å snurre
eller
nokon ser det urimelege i det heile
for
vi har alle våre ruter
og
kva om kampen er retta den andre vegen,
mot
noko over meg, noko eg strekk meg mot
som
ikkje pressar ned, men dreg meg opp
løftar
mine håp og draumar ut av firkanten
og
kva om det er det eg tenkjer på
når
eg tenkjer på meg sjølv
vil
du då vite, at eg i ruta er ein krigar,
medan
eg i hjarta er eit løvetannfrø
vil
du då vite, at eg som vert pressa ned er fri
at
firkanten aldri kan stoppe vindane -
mandag 26. mai 2014
Rolege dagar
det
er dei rolege dagane
som
tel –
dagar
som berre går
av
seg sjølv
utan
at du treng dytte eller dra
eller
håpe at nokon
skal
ro dei i hamn
utan
dei altfor store såra
- du
berre let deg drive
på
usynlege bølgjer,
av
vindar du ikkje kan sjå
det
er dei rolege dagane
som
kviskrar -
dagar
i skuggen av høge tre
under
kroner som strekk seg
mot
ein himmel
du
berre glimtvis kan sjå,
eit
tak over livet
du
veit er der –
og
livet du kjenner
er
meir i slekt med mauren
enn ørna
det
er dei rolege dagane
som
syng –
ein
melodi du kan
frå
den gongen du var liten
og
verda var enkel
enklare, i alle fall
noko
du hadde grep på
og
levde i – utan blygsel
eller
vage, ugrunna redsler
melodien
tek deg med i ein straum,
her
kan du flyte, medan dagane går –
det
er dei rolege dagane
som
er dine –
dagane
som kjem på rullande band,
ei
endelaus rekke
av
perler, som eit smykke du kan bere,
og
du må gripe dei
men
berre ein om gongen –
den store blå himmelen lyser
og
du får lov til å kjenne på kjensla
av
fridom
Abonner på:
Innlegg (Atom)