fredag 21. februar 2020

Ein song om tap

der huset ein gong stod
er bakken no dekka
av hud, mjuk varm hud
som gir etter for trykk;
om du stryk handa sakte over,
let den følge mønster og konturar
påverke nervecellerøtene
som ein mild vårvind

kan du høyre ein stille song
sive opp mellom porene,
ein blå melodi som dirrar lik varm asfalt

svingar seg opp mellom greinene i trea rundt
legg seg som eit røyktak
og i skodda
kan du skimte omrisset
av huset som ein gong stod her
menneska som sprang gjennom dørene
songen som ein gong fylte dagen

huda pustar, sukkar
handa di vil aldri meir kjennast lik ut
etter møtet


torsdag 20. februar 2020

Ut med orda

til allmenn ubegeistring
sa eg nett kva eg tenkte
om akkurat kva eg ville
når eg ville
og ingen klarte å lukke øyra
i tide,
så noko eksploderte
og sendte ei umenneskeleg trykkbølgje;
alle vindauga knuste
i fjorten kvartals omkrins
og alle kanalane
hadde meg som hovudoppslag
tre dagar på rad

først då tusen klager
over øydelagde fjernsynsskjermar
sprengte radiohøgtalarar
og brennande aviser
hadde tikka inn

fann dei det for godt å skru av
dei allereie nedsmelta
mikrofonane --

argumenta
i alle fall mine argument
var for smertefulle


onsdag 19. februar 2020

Bærlengt

eg er eit blåbær
du er ei molte

endå er me berre kart
og verda ligg her stille, sart

men det svevar ein vind over heia
eit pust av liv, eit håp, eit løft

mot våren som kjem denne leia
og spirar som skal gro i vår grøft

på væte i molda, solstrålemillionar
rundt våre daude frostkonstruksjonar -

så kan me lengte saman
dytte kvarandre i veg;

snart kjem våren -

snart kjem ei ny tid, 
for deg og meg


tirsdag 18. februar 2020

Framtida, no

heile verdas framtid
ligg på mine skuldre

i auga mine
bur morgondagen, gårsdagen
har flytta inn i minnet

eg ber den med meg
som ei verktøykasse, hentar opp
det eg treng

om dagen skulle bli litt for grå;
det snåle tapetet som alle lo av
og eg humrar for meg sjølv, ja

det var noko
det

men morgondagen, lyset
som no trengjer seg veg 
gjennom den glødande sola
og om nokre timar

skal sveve gjennom det store tomrommet
over hovudet mitt og heilt inn
i auga

der morgondagen ventar, og framtida
som strøymer inn frå alle kantar

ligg på skuldrene mine, kviler
i påvente av at eg skal gjere noko
med alt dette lyset, denne tida

som eg får servert så delikat
når vekkerklokka har ringt frå seg

mandag 17. februar 2020

Mitt nord

kompasset i hjartet mitt
var innstilt mot deg
lenge før den kvelden
du tok handa mi, smilte til meg
og let det magiske regne som gullstøv
over ansikta våre,
då hjartet valde si eiga retning
og eg lærte kva det vil seie
å vere lukkeleg

alt lenge før dette
hadde kompassnåla dirra
i himmelretninga mot deg,
og natta, som eg ana gjekk mot ein morgon
var ikkje så svart lenger;
auga var opne, stega vaklande, kroppen ustø
men eg hadde ei retning
eit nord

som stadig flyttar seg i terrenget
men held seg stabilt
der du er


søndag 16. februar 2020

Inn i auga

det er auga dine
i alt, i alle ting, auga dine
som djupe brønnar

auge
som ser meg, ser mot meg
ser  -  meg
om eg vender rundt
og prøver å fange blikket, eit mildt 
smil
lunt
i augekroken, i munnvika, i kroppen
som eit ankerfeste
noko eg kan halde
og lene meg mot,
stole på
i alle mine usikre tankar

for du såg på meg
med auga
og eg fanga blikket ditt 
og meiner eg kunne lese det
som ei bok, eit spegelbilete
av mitt eige hjarte

lengtar du ikkje
etter det same som eg?

er det ikkje dette me vil
begge, vere her som kvarandre sine speglar
vise den gode sida
som me ser
når me vender oss bort frå det sjølvkritiske
og kastar oss inn
i den andre sitt blikk


lørdag 15. februar 2020

Tur for hjartet

dei store orda ligg der
kviler i eit avstengt rom, ventar --

eg går ut i den kalde frostmorgonen
ruslar langs ein islagt veg, ser sola blenkje i krystallar

på dei kvitmåla ekrene langs vegen
skoa mine knasar mot frosten, mot grusen

dette er ein lengt, eit stille sug i magen
du er der, bak meg, inne i desse bygningane

du er der, som det klåraste for auga mine,
det einaste dei søker same kva eg ser på

turen langs vegen er for hjartet mitt
eg vil det skal ha det bra, men

det fell ikkje til ro med noko, inga tid til kvile
inga tid til å berre vere i seg sjølv

så lenge du er her, så nær
og likevel på ein måte utanfor rekkevidde

for du er din eigen person, ikkje min
og eg veit ikkje kva du tenkjer, kva du vil

så eg lukkar døra inn til dei store orda
let dei skjelve i fred i mørket

medan eg går her langs denne islagde vegen,
ei rullebane, 

men eg veit ikkje om eg er i ferd med å lette, eller lande