fredag 7. februar 2020

Halde seg roleg

viss eg klarar å halde hendene i ro
auga fokuserte  --   blikket rett fram

klarar å la vere å vippe med foten,
klarar å sitje stille

klarar å presse meg til å vere iskald, bereknande
som ei likning som går opp,

klistre på meg eit mystisk smil,
ein moderne mona lisa, hemmeleg

som ein lås du ikkje kan opne
ein safe som held alt innestengt

viss eg klarar å vere ein pokerspelar
i møte med all denne dramatikken  --

vil eg då kunne klare
å lure også meg sjølv?


torsdag 6. februar 2020

Eit sverd

eg teikna eit sverd
på huda mi,
blåste på det, såg
det vart levande

fann sin eigen veg gjennom verda

trea bøygde seg
for sverdet, dyra skugga bana
fuglane sveva over det
i djupe sirklar
så himmelen vart mørk

eg leita etter blod
i spora som leia gjennom byen,
men fann ikkje anna enn bokstavar,
nedhogde, kløyvde bokstavar
makteslaust sett ut av spel
og lagt i massegraver
i kvart blomsterbed

eg såg blomstrane strekkje seg mot himmelen
og sverdet falle til ro
der boka tok slutt
- kan du viske meg ut
kviskra det
og la seg til rette på huda mi
som eit minnesmerke
over noko eg ikkje forstod


onsdag 5. februar 2020

Sovande stein

så lenge sat han
aleine i kjøkkenkroken
aleine i stova
aleine i gongen
 
aleine sov han
aleine vakna han, så lenge

at vulkanen bak hjartet
vart ein sovande vulkan -

så lett det ville vore
å tenne den vesle gneisten
som kunne knust fjellet;
eit smil
eit hei
eit lite ettermiddagsbesøk

men ingen kom

tirsdag 4. februar 2020

Første plass

å kunne overraske alle,
berre dundre til
i denne sporten
alle veit eg ikkje kan

og så er det sjølvaste eg sjølv
som står der
med pokalen i handa
og alle gløymer heilt å juble,
berre gispar i undring og forundring

er det - ?
kan det - ? verkeleg - ? vere - ?
mumlar dei
medan hjernen har begynt å leite
etter ei forklaring 

        ei - anna - forklaring 
        ei logisk forklaring

så jublar eg og smiler
og undringa går over i sinne;
måndag morgon
kjem ein storm med klager
til el-butikken   ---    det er noko gale

med fjernsynsapparatet


mandag 3. februar 2020

Mannen inni mannen

mannen inni mannen
det vesle rommet
som aldri får lys
og ingen veit om

mannen inni mannen inni mannen
ei lita øskje
fullt møblert,
med utenkjelege tankar
for alle andre

mannen inni mannen inni mannen inni mannen
er ingen mann
men ein gut,
sit der og vippar på ei huske
som endå har fart
etter barndomens milde puff 


søndag 2. februar 2020

Mørkemann II

det vert så tomt her inne
når orda tonar ut
og mørkemannen smiler
sitt liksomlune smil

for det han har sagt
skal vere så allment akseptert
og smart

så at eg vert redd av orda
kjenner meg liten
som ein frostig fugl
er langt utanfor alle førestellingsevner;

du er kjemiske reaksjonar sa han
det er alt,
og vegen fram til no
er ei rekke tilfeldige hendingar

at tida starta
er eit mysterium
med ei logisk forklaring
og når du dør
er du borte borte borte borte borte borte    borte     borte

borte

seier han
og skisserer opp milliardar av år
utan min eksistens  --  og aldri kjem eg att
så det gjeld å bruke tida godt
smiler han
mørkemannen: YOLO!

og eg krympar meg i smerte,
kjenner tyngda av verdsrommet
smelle inn i vakuumet nedst i hjartet,
der den eksistensielle krisa held på å reise seg
som eit monster av gjørma

--

eg gjer det einaste eg veit
kan tenne lyset i auga att, kjenne
varmen spreie seg i kroppen
og gleda vekse:

eg bøyer knea,
vender meg til han som sa
eg vil gje deg framtid og håp

og kjenner noko spire fram
i lysstrima frå himmelen


lørdag 1. februar 2020

Ny smerte

eg blunkar
og plutseleg
er eg ikkje lenger eit barn

verda vidar seg ut
som når ein glir inn mot land
frå det store havet
og kysten openberrar seg
i alt sitt velde

konturane av ei framtid
stig opp av vatnet

auga mine
som nettopp vart fødde,
må lære seg å gå på eiga hand
og overleve
som jeger i ukjent landskap

stivt stirrar eg framfor meg,
medan eg glir inn på stranda

eg torer ikkje blunke ein gong til