søndag 27. mai 2018

Det golde



sakte et det seg innover
som eit sakterullande teppe
oppover frodige landskap
over blomar og gras
tre og buskar
framover
heile vegen framover
til landskapet er goldt og tørt
og blomane visna fossil
ingen nokosinne vil finne

slik et forfallet om seg
medan vi speidar mot horisonten
etter regn


torsdag 24. mai 2018

Tjuven



her går han
med nesten jamne steg
og blikket nestenikkjeflakkande
bortover gata, nedover bakken
forbi menneske og blikk
som ikkje kan vite
om skjulte skattar
like ved hjartet,
dette som ikkje er hans
og likevel hans – meir intenst
enn noko anna – mykje meir hans
enn andre vil kunne forstå

her går han
med brann i blodet
og hendene brenn
alt brenn
            så intenst
alt brenn –

og tankane endrar seg no –
det heiter ikkje lenger
vi
han er – blitt – ein av
dei
ein av
            dei andre –