her går han
med nesten jamne steg
og
blikket nestenikkjeflakkande
bortover
gata, nedover bakken
forbi
menneske og blikk
som
ikkje kan vite
om
skjulte skattar
like
ved hjartet,
dette
som ikkje er hans
og
likevel hans – meir intenst
enn
noko anna – mykje meir hans
enn
andre vil kunne forstå
her
går han
med
brann i blodet
og
hendene brenn
alt brenn
så intenst
alt
brenn –
og
tankane endrar seg no –
det
heiter ikkje lenger
vi
han
er – blitt – ein av
dei
ein
av
dei andre –
Great shadows against the bright wood.
SvarSlettFun shot! I love shadow images!
SvarSlettBeautiful b&w.
SvarSlett