tirsdag 31. mars 2020

Erkjenning

eg, som var ein fugl, eg
som hadde dette svevande over meg
og det store luftdjupet under meg

dagar i glideflukt
over dei vide hava

eg, som ikkje kjende smerta
i det faste, urørlege, det
å aldri kunne skifte synsvinkel

alt hadde eg sett
men utan å forstå

for då dei nattsvarte tidene kom
og vengene ikkje lenger ville bere
og lufta vart ei hindring
        den store himmelkvelvingen ein 
hån
medan eg kava og streva
for å overleve

var det utsikta, dei skiftande viddene 
eg sakna mest,
og eg visste at det var dei, desse 
endelause perspektiva
som var mitt eigentlege eg

og no var det teke frå meg,
eg var ikkje lenger meg sjølv


mandag 30. mars 2020

Det store hykleriet

- her står me samla
til siste slutt,
me er ikkje individ
me er eit heile, ein organisme

eit me

eit lag
som står saman
gjennom alle stormar!

ropte generalen
og sende offiserane
og soldatane
ut mot det bølgjande havet
         av dei andre,       dei
         den grå, ukjente massen

som ikkje kan finnast i nokon draumar

lukke til
seier han,
set ei ny nål i kartet 
og tek ein slurk av kaffien


søndag 29. mars 2020

Forenkling

same korleis eg snudde og vende på glaset
var nivået lågt, 
væska nådde ikkje lenger opp
enn halvvegs
og eg sette det frå meg
med eit tungt sukk

gjekk på kjøkenet
og henta eit anna,
eit av dei som tidlegare var lysholdar
og ein god del mindre i volum

tømde væska over i dette
og rydda det gamle glaset vekk,
ut av syne

kjente at ein melodi bobla 
under overflata i hjartet,
nynnande sirkla eg rundt
og stirra på dette nye målet

heilt opp til randa
eit fylt glas, komplett
i sin enkle struktur

og hjartet fall til ro
fornøgd med dette enkle
det hadde lengta etter heile vegen


lørdag 28. mars 2020

Moria

det er i vinden stemmene bur
og i solstrålane
kjem blikka frå framande grenser

her er så kalde kantar
og golvet gyngar når me går,
kan me late att auga... -

om noko
kjem ansiktet heilt nært
og vert vevd inn i blodårene,
til alt me er og alt me kjenner
skrik i smerte
over dette som ikkje er oss
men kunne vore det, ja
svært godt kunne vore akkurat oss

det er vårt eige spegelbilete me ser
når me snur oss vekk
frå dei heimlause blikka

og vårt eige hjarte som vaknar til liv
når me vågar opne opp døra
og opne opp auga
og opne opp armane
for dette vesle me faktisk kan gjere noko med


fredag 27. mars 2020

Utanfor kjernen

det er så kort veg inn dit
kor alle inntrykka
            smeltar i kantane, vert mjuke
og uformelege

kanskje er det berre ein time unna
eller eit år

- eit halvt liv
om ein let att auga, lener seg vekk
frå sitt eige hjarte

i albumet står berre skala att
og det er skala, glasuren
som heng att i minnet

kjernen, den verkelege kjensla
som forma meg
har falt ut av dette skodespelet

men er fortsatt ein del        som ein vinkel
ein tone, ei lukt, smil, lysglimt
i musklane
i kvar einaste vesle 
utilgjengelege celle -

og leier meg, umerkeleg, inn på stiar
eg trur er nye 




torsdag 26. mars 2020

Orden i eit indre kaos

desse virrande molekyla
som ein gong var meg,
den gongen eg ikkje visste
ikkje ante
fordi eg aldri hadde sett
at du var til

og så fall du inn
som ei mektig samling energi
mot auga mine

ei kanonkule
gjennom ein plankehaug

flytta om på alt som var
og berre eksisterte,
alt eg skjønte hadde vore som ein søvn
fram til denne dagen

no vakna det til live
og molekyla fann sine rette plassar,
som soldatar på geledd
eller dei siste brikkene i eit puslespel
som fell på plass

alt vart på ein måte heilt og fullstendig
då blikket på deg
ikkje lenger var ei ukjent framtid


onsdag 25. mars 2020

Sjå det skjulte

midt i skogen
ser dei fleste av oss skog

andre ser byggeklossar,
ser hus som er gøymde bak bork
og greiner som snart er usynlege

ser dører og vindaugskarmar
listverk og 

snirklete utskjeringar
gøymt i mørket, pakka inn
i flis på flis og sagmugg

somme klappar treet,
og lyset som vert filtrert mot barken

andre klappar
ei framtidig trapp