lørdag 31. oktober 2020

Eit det blir eit det, men når

når blir treet eit tre -

når kan vatnet me væter jorda med

og den svarte molda me legg frøet i 

bli rekna som ein faktor for ei spire som skal gro

 

når vert spira ei spire,

kva bur i frøet

som me ikkje kjenner -

 

eg plukkar eit frø frå solsikka

og held det i handflata mi,

undrar;

vert du ei rose, du vesle frø

eller ein tiger?

kan du bli eit grantre

om eg berre vatnar deg nok

 

eller vert du ei solsikke

sidan det er det som ligg nedkoda

i dine inste, hemmelege rom --

 

 

fredag 30. oktober 2020

Flytteklar

huset skal rase

grunnmuren smuldre bort

urskogen ta over arealet

gro nye tre til nye plankar

 

rom for rom dett saman

trass solide konstruksjonar,

her slepp ingenting unna

tida et seg gjennom alle hindringar

 

det er ingenting gale med arkitekturen

eller korleis huset er reist

det er enkel termodynamikk

og tyngdekraft

 

dagen vil komme, eg veit ikkje når

og ingenting får eg ta med

når eg flyttar ut

og vekk

 

torsdag 29. oktober 2020

Jakt

noko svevar rundt i rommet

og me ser lyset reflektert

som små glimt

når sveva kjem i riktig vinkel


mellom auga og vindauga

går det tynne bruer,

som landingsbaner ingen brukar

og oppdraget er overlag vanskeleg;


her svevar kjærleiken rundt

ventar på å bli hanka inn

og alt me har til hjelp

er ein sliten håv

 

onsdag 28. oktober 2020

Golv blant golv

golvet er min venn

kviskrar du,

let deg valse ut

som ein innsjø på stovegolvet

der hjartet er den einaste 

taktfaste rørsla

me kan observere


så glir du i eitt med landskapet

og me kan vente og lengte

medan vissa om det me veit

brenn seg djupare inn


og golvet gyngar av garde

blant alle andre golv

i universet


kan me flyge utan vengjer

kviskrar du,

og me veit det 

er det einaste me kan



tirsdag 27. oktober 2020

Spor mellom auge

å late opp handa

ein finger om gongen,

ein raslande lyd gjennom rommet

og inn i sjela


alt du gjer set spor

og dette sporet let seg ikkje viske ut


auga vert løfta frå golvet, sakte

sakte

møter du auga mine

og det elektriske i augeblikket

viskar ut resten av verda



mandag 26. oktober 2020

Endring i dag

i dag let nokon att døra

i dag opna andre ei anna dør

 

i dag forsvann utsikta du elska

i dag opna du eit anna vindauge


i dag gjekk noko tapt

i dag vart noko anna vunne


i dag er du ikkje lenger den du var

i dag er du den du er



søndag 25. oktober 2020

Ein felles fiende

me irriterer oss over treet

her me går, surmulande

med auga i bakken, let dei følge

skuggane av greinene krysse vegen

og me jamrar oss

og klamrar oss til kvarandre

sin forvridde redsel -


hadde berre treet vore borte

ville vegen vore ein triveleg veg å gå

mumlar me mot bakken

og byksar vidare, tek lange steg

for å kome raskt forbi og vidare

i verda


hadde berre treet vore borte

ville verda vore ein vakker stad

alt ville vore annleis og betre

mykje mykje betre, og liva

ville gått på skinner

samstemmer me --


let eit siste gys gå gjennom kroppen

før me er forbi

og ikkje lenger har akkurat dette

å klage på

 

men lenger nede i bakken

står det fælslege, solfalma

fartsskiltet