mandag 28. oktober 2013

Einsemd som lokkar



sakte sig einsemda innover fjellsletta,
sig inn frå tause dalar,
blekkstille vatn og nakne vidder,
kjem rullande som ei tåke, sakte
nesten umerkeleg
til heile eg er omringa av einsemd –

ei stille einsemd
av den gode sorten

ei einsemd av typen ein lengtar etter
på andre, heilt vanlege
oppjaga dagar

ei einsemd ein kan pakke rundt seg
som ei varm og mjuk vinterdyne
og kjenne at det gjer ingenting
om einsemda varer
ei god stund
til

Omvelting



haustlauvet gøymer seg i plenen
har gøymespel
i det lange graset – for grasklipparen
har teke vinterferie
og trea er blitt sadistar
og ingenting er som det var
eller skulle vere

at ei omvelting
kan gå så fort –
kven kan fatte det?

ein dag hengje som det friaste blad i Guds natur,
den neste verte tømt for alt liv og forkasta,
slengt vekk som biologisk avfall – noko ubrukeleg
og tørt

kven som helst
hadde gøymt seg vekk
i skjelvande forvirring
og tungsinn
under slike forhold

søndag 27. oktober 2013

Tidsperspektiv



Det er ikkje alltid tid er tid
og rom er rom for alle –

Set sniglane fri,
sa eg,
sendte borna ut att
med klare ordrar
og ei litt bekymra rynke i panna

For sniglane sin del…
Dei var ikkje komne over til andre sida
av bøtta endå,
og merka vel knapt
at miljøet i det heile var endra –



Musikkgåte

Fototriss denne veka har tema 'ein låt'. Her kjem tre bilete som skal illustrere ein låt. Ser du kva for ein song det er? (Trur denne er litt enklare viss du er norsk...)




Kanskje du har løyst det no? Her kjem i alle fall eit hint til:



Kom attende

Kom attende, kjære ven,
du som varma og gledde
skapte håp
etter frost og kulde,
is og død
La meg endå ein gong danse stille
til dine glade tonar, stille musikk
og leve nær
det beste i livet



Viss du ikkje kjenner att songen, finn du teksten her.

fredag 25. oktober 2013

Pixelsommar



sommaren er ikkje meir – no
enn eit bilete, koda i 0 og 1
til ei fil på datamaskina,
der blomane strekk seg, optimistisk
over det flatklemte rommet
mot ei sol som ikkje lenger varmar
anna enn minnet