onsdag 14. oktober 2020

Vinden for med orda

sakte la me språket frå oss,
dei mjuke, varme orda
dei harde, kantete orda
orda me hadde bore med oss
gjennom eit heilt liv

me la det frå oss i snøen,
såg det synke inn, som glødande metall
heilt ned til asfalten under og vidare
til det var borte

berre arr i landskapet
forma som dei tapte orda


snart kom vinden
sletta alt
og ingenting var att 

 

tirsdag 13. oktober 2020

Raude spor

det var raude spor eg følgde,
raude merke
i den gule skogen

like til grensa av verda
følgde eg merkene
som ikkje lenger hang fast i bakken
men kleba seg til sko og hender

like bortanfor verda
gjekk eg etter raude fotspor
som ikkje lenger festa seg til klede
berre
men trakk inn i huda, inn i blodet

laga ein sti frå hender og føter
og inn til hjartet
farga det raudt

slik spora eg følgde
heilt til endes
og alle spor og alle steg
smelta saman
til ein ny identitet
som no er meg


mandag 12. oktober 2020

Orda kvesser klør

noko bur i orda eg pustar på verda, 

eit vesen med tenner til hogg, klør som ventar

ein eigen vilje

ingen kan temje

orda veltar fram, bur der dei landar

okkupantar på framand jord;

nektar å gå, for


orda kvesser klørne

mot øyra dine

gong på gong

utan å spørje om adresseskiltet stemmer overeins

med huset som står i hjartet ditt



søndag 11. oktober 2020

Beibiføter på veg til universitetet

det finst ingen pauseknapp


det finst ingen revers


det finst ingen opptaksfunksjon


berre dette sviktande minnet, og eit hjarte

som de alltid vil bu i



lørdag 10. oktober 2020

I det grå

utan gitter 
var fengselet ditt,
døra stod alltid opa

her kunne du vandre fritt
ut og inn, inn og ut
men gjorde det ikkje --

dagane var fylte av lys
for sola var bedageleg
i si strålande ferd over himmelen

likevel var det mørket du såg
for auga var rette mot skuggar
i hjørne og krokar og hol

endå huset ditt stod fritt
med utsikt til fjella og fjorden
og ei badestrand i passe avstand

var det tanken på kor smått og vesalt
alt saman, heile verda, var
som forma hjartet, tanken, tunga

let mørket fløyme fritt, grått vart det
i dette ditt vesle fengsel,
og rolla som fangevaktar vart fylt

til siste millimeter
av deg sjølv


fredag 9. oktober 2020

Noko ventar

noko ventar i stille mangel på merksemd

høgt over djupa i fjorden, langt

over kvardagsrørslene langs ekrer og sykkelstigar;

ventar medan regn og solstrålar fell om kapp

med årstiders hurtige skifte

 

dette er ein veg for herda hjarte

eitt tråkk for dei som ikkje skvett av eigen skugge

men vågar seg utpå der andre stoggar,

vågar å utfordre sjølve tyngdekrafta og det som ventar

høgt over, høgt oppe

 

noko som ventar

den rette tida

 

 

torsdag 8. oktober 2020

Smerte i alt utan smerte

til sist

heilt til sist

gir tunellen opp, gir tunellen slepp

på bilen som ikkje lenger er ein bil

men eit brøl

frå noko inst i hjartet

som aldri har fått luft


ein raud ball på veg vekk

utan noko mål


berre denne vissa

i det tunellen sukkar, gir etter, spyttar ut

at dette er det motsette av alt anna

og ei erfaring, dei seier

ein fint kan vere forutan


likevel

ingen kjenner botnen

som den som støypte golvet

og bilen svingar inn til sida

nokon stig ut, ser seg attende


ei ørlita lengt

til djupet i natta, det som greip og smerta

og var så paradoksalt trygt

trass alt