fredag 14. august 2020

Dit me høyrer til

kanskje heng me fast
i den me ein gong var,
som ein silkekokong rundt lengten vår,
tullar oss inn i minne, i tankar
om tider som me allereie har levd

tullar oss inn i ein draum
om konsistens, om kontinuitet
og framhald

at der me var
er der me skal

og så kjem livet mot oss,
brutale bulder, eit steinras av hendingar
som flyttar på alt rundt oss

og draumen passar ikkje lenger inn i landskapet -

då gjeld det å klippe seg ut,
leite seg fram gjennom hemmelege gangar
til labyrinten ein gong tek slutt
og me kan stige ut i sollyset som nye menneske

som dei menneska me var meinte å vere:
i stadig endring
i omskifteleg ham, flytande på eit hav
som fører oss lenger og lenger inn
i det framande 

inn i den nye draumen, den me høyrer til i


torsdag 13. august 2020

Frekvensar i såret

orda er ei smerte
utan musklar

ein stille song, eit blikk utan botn

sola varmar huda
månen syr att såra
frå det du ikkje makta
ta imot

slik vert refleksjonen
ein vegleiar
inn i det ukjente

der ingen finn språket att

anna enn som kravlande smil
i fotspora dine


onsdag 12. august 2020

Ein usynleg song

det stig ein usynleg song
frå dei vide myrene
der menneske har gått      generasjon etter generasjon
og velta torv, drenert, pløygd marka

sett sine spor i landskapet
som er så ubarmhjertig
mot slitarar av alle slag;

i hundre år kan plogen ha velta molda
og bøndene sine tårer og sveitte
har gitt fukt til spirande knollar

tjue år etterpå
står småbjørka og viftar med greinene
i jord som endå har næring
til blafrande bjørkeblad -

men den usynlege songen
vil fortsetje å stige

her gjekk det ein gong eit menneske -
her levde og døydde eit menneske
i kamp mot seg sjølv og naturen



tirsdag 11. august 2020

Blikkboks i rotasjon

sjølv frå denne høgda kan eg sjå
at du lyg,
det strålar rundt deg
som stjernestøv på avvegar

og eg veit kva eg snakkar om
for her oppe, kor satellittane krinsar i bane
rundt kva som helst
er stjernestøv det einaste sikre teiknet
på liv

eg samlar pose etter pose,
legg det i bagasjerommet
på min middels store rakett,
bygd på vrakdelar
av tv-speglar som ikkje lenger er i bruk

ein dag
vil eg klare å starte det heile
setje kursen mot jorda att
og då!
då skal eg avsløre deg for heile verda


mandag 10. august 2020

Håpet rundt hjartet

håpet krystalliserer seg
først som ein dråpe, stadig seigare
frå sjela sine ytste greiner

fell mot bakken
som ein utstrekt tråd, frå eit nullpunkt
og inn i dette som vert stadig fastare

og lag på lag
vert den tynne tråden snurra rundt hjartet
til det ligg innkapsla og trygt

fordi ein ikkje lenger berre trur
men har funne visse
om håpet sitt endå ukjente utgangspunkt


søndag 9. august 2020

Nykonstruksjon

å stupe inn i boka
er som å stupe inn i ein snøstorm;
bokstavane piskar mot huda
        fykande mursteinar i vinden
og den underliggjande bodskapen
bøyer heile skogen, legg den flat

etterpå
er det stilt

heilt stilt

eg kan gå mellom restane av felte tre
og bokstavsteinane strøydde i snøen,
plukke dei opp bit for bit
studere, undre, leggje saman og trekke frå
til meininga stig fram
som eit slott
bygd på nyhogd tømmer
og mursteinar lagt i system 


lørdag 8. august 2020

Lukkehav

det lukkelege hende seinare
mykje seinare
enn kjenslene i hjartet ville innrømme

for eg hadde det fint, heilt perfekt
der eg sigla av garde under den strålande sola
i seglbåten min

hadde mat, klede, varme, segl

alt ein treng for ein vellukka seglas
og ingenting kunne gå gale,
eg var lukkeleg -

men så kantra eg, båten forsvann i djupet
og eg låg der i vatnet
som ein oransje dupp
med tusenvis, kanskje hundretusenvis av mil til næraste strand

då du dukka opp
som ut av det blå,
berre sigla inn i livet mitt
først som ein prikk mot horisontlinja
og sidan steig du høgare mot himmelen
og plukka meg opp
frå min hjelpelause tilstand

det var det lukkelege treffet
som endra alt,
fekk alt det eg hadde til å bleikne
og lukkeleg over mitt uhell
smiler eg over livet
i denne nye, mykje sikrare båten