sjølv frå denne høgda kan eg sjå
at du lyg,
det strålar rundt deg
som stjernestøv på avvegar
og eg veit kva eg snakkar om
for her oppe, kor satellittane krinsar i bane
rundt kva som helst
er stjernestøv det einaste sikre teiknet
på liv
eg samlar pose etter pose,
legg det i bagasjerommet
på min middels store rakett,
bygd på vrakdelar
av tv-speglar som ikkje lenger er i bruk
ein dag
vil eg klare å starte det heile
setje kursen mot jorda att
og då!
då skal eg avsløre deg for heile verda
Viser innlegg med etiketten løgn. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten løgn. Vis alle innlegg
tirsdag 11. august 2020
onsdag 29. januar 2020
WYSIWYG
WYSIWYG
seier me
og dreg på skuldrene,
skuler litt på kvarandre
prøver så godt me kan
å skjule lygekorsa
bak ryggen
seier me
og dreg på skuldrene,
skuler litt på kvarandre
prøver så godt me kan
å skjule lygekorsa
bak ryggen
Abonner på:
Innlegg (Atom)