tirsdag 7. juli 2020

Fred

gransongaren stirer på meg
frå den grøne greina si
høgt over bakken

eg stirer forarga tilbake,
likar ikkje det stirande blikket
og den stive nakken

eit sleng med hovudet
som i hovmod, ei betrevitande plystring
over kjente tema

så eg går tilbake til stien,
opnar sekken
og tek ut tursjokoladen, ser på den

ei heil plate, smeltande mjuk
mot ganen, ei smertefull glede
tyngjer mot magesekkveggane

hendene skjelv når eg opnar papiret
bryt av ein stor bit
som sakte spreier sin aroma under skyene

resten lukkar eg inne i papiret
tek sats
og slengjer så presis eg kan etter fuglen

han lettar, forsvinn
mellom lauvtunge tre,
igjen kan eg kjenne freden i hjartet


mandag 6. juli 2020

Opprør

det var fjellskoa som sladra

eg høyrde dei ei natt
eg ikkje fekk sove;

gjekk ut for å drikke vatn,
høyrde skoa kviskre saman
bak nattsvarte skyvedører

lista meg nærare, lytta
lett pinleg berørt
over mitt eige svik

høyrde dei insisterande åtvaringane
om myrlendt terreng
spisse steinar
mose som aldri slepp taket -

sidan den natta
har eg gått berrføtt
på alle turar


søndag 5. juli 2020

Song under vatn

den ellevte dagen
sat eg på berget
utan å kjenne orda
som alltid kverna
i magen

alt eg kjente i halsen
var ei heil rad fiskebein

føtene er dekte av risp
frå sjøkorallar i draumemodus
sakte kravlande gjennom tareskogen
over hud og negl
- eit åkerlandskap
i undersjøisk perspektiv

berget held på varmen,
spreier det gjennom kroppen
til ein taus mann
i svart kappe

bak tause brilleglas
blenkjer ein sjø
korallblått



lørdag 4. juli 2020

Blikket er ein vind

så rart å vere fastlimt
til blanke ark

halde auga fast på papiret
vri seg til alle kantar
undre
ser du? ser du?

løfte seg opp
etter alle fire hjørne
og blåse seg sjølv
inn alle brevsprekkar
i eit rasande håp
om å til slutt treffe

deg


fredag 3. juli 2020

Sommarfugl i hjartet

det bur ein sommarfugl i hjartet mitt
ei mjuk venge      som lengtar
etter luft, oppdrift, draumar
den kan fly rundt i
tankar den kan fargeleggje
utan distraksjonar        ja, det bur
ein sommarfugl
i hjartet mitt, eit frø som vart planta
og vatna, ein lengt som har vakse seg stor
i denne jorda
der sommarfugllarvar kan kapsle seg inn
og kapsle seg ut
som svevande ord
i eit univers fylt av meining, det

bur ein sommarfugl i hjartet
ditt, ein som verda ikkje kan sjå

og berre du
kan setje den fri


torsdag 2. juli 2020

Virvel

di hand i mi hand
tå mot tå
auge i auge, som ein lås
i perfekt avstand

her snurrar me som ein virvelvind
gjennom gatene
utan auge for noko anna

møblar, bøker, frukttre, mose, fly
som satellittar rundt oss flyg alle orda
i ovale baner   -    vinterord, sommarord
tilbake til starten-ord

og me trår eitt steg nærare kvarandre
eit steg til, heilt heilt nær no
nase mot nase
blikk mot blikk

eg fangar pusten din, gjer den til min
før eg sender den tilbake til verda

så smeltar me saman, glir umerkeleg inn i kvarandre
som i ein symbiose
og virvelvinden fyk gjennom gatene, satellittane kvervlar
som ville fossar

        dreg heile byen med oss i dragsuget
ut i det store universet




onsdag 1. juli 2020

Dyret

dyret i sin bustad
rett under hjartet

akkurat der lungene stoggar når eg pustar inn
og magen startar når eg er mett

der søv dyret,
og vaknar når rommet vidar seg ut -

når all pusten er å finne der ute
ei heil atmosfære av mogleg innpust

og maten spring rundt på ekrene
eller gror i jorddjupet

alt er der ute
og dyret rører på seg, kvesser klørne
på alt som er fast i meg, riv det laus, lagar seg nytt leie

dyret i sin bustad i meg,
me glir i eitt
og heile verda er der ute   -   langt       der       ute