torsdag 5. desember 2019

Møte eigne hender

kva tenkjer du no
undrar eg

ser ut på landskapet
så annleis frå denne vinkelen
eg kjenner ikkje att skogen, fjorden, fjella, ørkenen

alt er som før
berre borte, skjult
for auge som ikkje lenger er verkelege auge
men avgrensa luker mot verda


kva tenkjer du


der du fortsatt er
og ser den eg er blitt

- 

det er spor etter mine eigne hender
eg går i,
så merkeleg det enn er
å stige inn i sitt eige bilde

men det er dette eg vil,
eg har eit mål
og eg veit du ser stega mine
og leier meg heile vegen tilbake til deg -




onsdag 4. desember 2019

Flyktning utan papir

eg er verdt noko
meir enn dette papiret -

ei lita raud bok
er forskjellen på meg
og deg,
du som vert stengt ute
sett til side - ventande
på noko som aldri vil komme

så lett me har for å gløyme
at alt er ei gåve
- at dette landet, desse fjella
er ei gåve
        ikkje eigedom
        ikkje noko som eig oss

kva har vel eg gjort for gråsteinen på Dovre?
kva har vel Dovre gjort for meg?

så eg legg passet ned i skuffa
glad for fridomen
til å ta vare på meg sjølv

gret ei tåre for dei
som ikkje hugsar
at sjølv Herren ein gong var flyktning,
registrert, ja, men ikkje der han kom
for verda var aldri heime

slik den heller aldri kan vere heime
for oss som er innom
våre flyktige sekund av æva -

kan me ikkje berre behandle kvarandre fint
den stunda me er her?


tirsdag 3. desember 2019

Heilt til kjelda

er det vatn alt dette
spør eg
vassar over golva i katedralen
heilt fram til alteret,
ser meg attende, ser rundt
på alle som kjem vassande saman med meg
på sidene
inn frå alle slag dører og portar

eg som har fulgt den vesle bekken
frå eg kom over den og heile vegen
opp mot dette fjellet
og denne katedralen

heile vegen lenger opp

til eg steig inn i det strålande lyset 
og såg kjelda spreie seg ut
over heile verda

søsken på vandring
mot det same alteret
der lammet, som liknar ei løve
tek imot med opne armar


mandag 2. desember 2019

Begeistring

strålar frå ei stjerne
ein engel som svinsar forbi
utanfor glaset

smiler inn til
begeistra born
intenst ventande med opne auge
og hjarta på stilk

svevar med vinden til alle krokar i verda,
syng ein ny song
som alle kan lære
- for det er ein gamal song,
gøymt mellom celler og atom
som ein note i ein gamal koffert på eit loft

det gjeld
å finne den
blåse av støvet

og synge i veg!

søndag 1. desember 2019

Advent

å vente, sjå ut glaset
vente på at tida skal gå

vente på at tida skal kome

la seg fylle
av språkleg ekstravaganse,
snu ordboka opp ned
tømme den i seg
hoppe litt rundt, så alt vert blanda

opne munnen, sleppe alt ut att
til ei verd som druknar
i mangel på ord
- dei rette orda, vel å merke

og ein kan håpe
at dei rette orda kjem
slik det rette Ordet kom
og fylte verda med song
og fortsatt fyller hjarte med song -

vente på ventetida
sleppe ventetida inn i hjartet,
inn til alle orda

nærme seg ein stall
med skoa i henda
og ei stille bøn på leppene



søndag 24. november 2019

Aktivere eigne bein

det er så mange vegar ein kan gå, så mange val og retningar, det er lett å tvile på vala og kursen og drifta - og likevel må me gå vidare, gå og gå, for tida stoggar ikkje same kor gjerne me skulle ynskje og trenge ein pust i bakken, berre kunne trekkje seg sjølv til side, sjå tida passere frå ein trygg plass på galleriet -

vere tilsidesett av seg sjølv

men så innser ein at all denne tida som dyttar oss av garde, er ei viljelaus eining - den berre kjem, utan eiga kraft, og vegen ein går er eit resultat av aktive val, aktive tankar, aktive handlingar hos seg sjølv. Det er ikkje tida sin feil at ein har hamna der ein er, det er strengt teke ikkje andre sin feil heller, sjølv om mange dyttar litt for hardt og litt for bestemt - i staden for å vinke og tilrå og smile deg inn på dei gode vegane

så kan ein kanskje lene seg tilbake, kvile litt på tidsstraumen og stikke fingeren i vêret - kjenne etter kva veg vinden bles og bestemme seg for å trasse både vindar og meir eller mindre velmeinte dytt - stige inn på stigar ein har lyst å utforske, gå langs vegar som passar til hjartet og svømme i vatn som omsluttar kroppen mjukt og ømt -

la seg vere ein aktiv utforskar, for verda er for stort og tida for rask til å la seg drive med av straumen 

lørdag 23. november 2019

Opne for lyset

eg opnar sjela
slepp ut fuglane
let dei sveve på støle vengjer

det har vore ein lang vinter
auga har silt vekk lyset
altfor lenge no

det er på tide å slå opp vindauge og dører,
lene seg ut         rope:
kom vindar, kom lys og regn!

vite
der er nokon som tek imot