fredag 6. april 2018

Som ein ørn


slik vil eg sveve
av stad på vinden
frå vest

vere mitt eige fly
vere i mitt eige –
som ein ørn i flog

sveve ut av bildet
og inn i nye landskap
eg kan busetje
med gylne draumar


tirsdag 3. april 2018

Heim


denne fjorden
er ein motorveg

dette hjartet
lengtar heim – til deg

lyden av bølgjer
som båten legg bak seg,
lyden av sola som svinn
bak horisonten,
lyden av pusten forsvinn
i dette store bildet

berre lengten og hjartet
og lyset og fjorden og båten
og du

søndag 1. april 2018

Den tomme krossen


eg snur kikkerten andre vegen
ser bakover i tida
mot horisontane vi passerte –

kor mykje lettare det er å sjå
            vegen og samanhengen
denne vegen

i lyset frå solstrålane
som streifar den tomme gravveggen
skimtar eg skuggen av ein kross

det er ikkje lenger tårer som dimmar synet
eller den svarte sorga
som fyller hjartet

denne vegen, bakover
ser eg samanhengen
og tapet er omsnudd til siger