mandag 5. mai 2014

Eit pusterom er gleda



1
som små øyer er gleda,
små flak av lukke
spreidd i geografien
foredla gjennom dagar
av auge i striregn
og trugande vindar frå ope hav

som små øyer er gleda
somme tider kan du stige i land
og puste ut føre neste seilas




2
det nye livet
kor eg lengtar etter det nye livet –
at såra skal gro
at graset skal gro
at lukka skal gro
at lyset skal strøyme over alle murar
og alle blomar skal sprette
og kjærleiken skal lande
som ein sommarfugl
på handa mi





3
nærare enn min eigen pust
mitt eige hjarte, min eigen lengt
er blikket ditt, smilet ditt

det har brent seg fast
blitt ein del av meg
som aldri kan rivne

det har blitt kleda eg går med
lufta eg pustar
identiteten eg viser til verda

og smiler du også i dag
vil murane falle, endå ein gong
så vegen frå mitt hjarte til ditt ligg open


Ring (The fright of a peace lover)

 

(Haiku horizons prompt "ring")

lørdag 3. mai 2014

Bilde i skråstilt sol




no skal eg teikne eit vakkert bilde
til deg, av ein gut
vi alle kjenner,
han som aldri klarar sitje stille
som alltid svarer frekt
når han er irritert
og vert irritert
kvar gong du snakkar til han
og alltid set beina der han ikkje skal,
alltid motsett av det du seier
og får oss til å tenkje
korleis skal det gå –

han såg ikkje meg
men eg såg han i dag
i ein lang korridor av glas
og stålkonstruksjonar,
der ei skråstilt sol laga mønster,
ruter i alle slags storleikar
fylte golvet
og guten, endå med lågstilt bukse
og hettegenser
hoppa paradis
frå rute til rute,
hink, hink, hopp
hopp, hopp, hink
hink, hink
og så tilbake til den vanlege
litt trassige stilen

og eg tenkte,
der inne bur det eit barn
ein gut som vil leike
eit menneske som søker
sin plass
i ei verd som kan vere for stor

og eg, pedagogen, smilte
tenkte: det skal nok gå bra –

fredag 2. mai 2014

Tapte fordomar




alle mine tapte fordomar
vandrande som skjelvande gjenferd
i mine for lengst slitte klede,
smiler sine usynlege smil
frå ei tid som aldri kjem att

mine tapte fordomar
alle dei tankar eg har tenkt,
som no heng som slitte filler
i ruinane av ein by
som er sletta frå kartet

kor gjerne eg skulle gått tilbake
sett byen då den var ny,
gått i nyvaska klede
på asfalt som endå var varm;
då skulle eg knust alt saman
hive kleda på bålet og pløygd opp asfalten
med friske tankar, i håp og glede

men mine tapte fordomar
er utanfor rekkevidde,
eg må leve med gjenferda
mine skranglande skjelett i skapet
og aldri vil dei tape seg meir enn no –
eg forsonar meg, forsonar meg
det er ingen annan veg å gå
alle mine tapte fordomar
får vere tapte, utanfor rekkjevidde

eg snur ryggen til
let dei labbe etter meg langs vegen,
medan eg prøver så godt eg kan
å vere ein annan, skilje meg ut
frå den eg ein gong var