Han brukte
all si tid
på huset og
bilen og båten
og hytta
Utvida, fornya, forbetra
Høgare standard, meir komfort
Og bankkontoen – den skulle vekse
Renter og aksjar
Den høge pensjonen
- Det skulle bli mykje, ja, mykje meir
Ei natt i oktober, ei natt utan vind,
utan regn, under klare stjerner
og blikkstille vatn
Sovnar han inn – utan dramatikk
Huset vert
selt, og bilen og båten
og hytta
Pengane, også dei på konto,
vert gitt
bort, til Røde kors
Det einaste barna beheld,
er eit foto frå fjellturen i 1974
- den gongen han heldt rundt dei
med trygge armar
Og smilte til kamera –