fredag 26. april 2013

Fabel XX/XY



Eg reiste til verdas ende – for å kjøpe
eit frø, eit dyrt og sjeldan frø
som kosta meg månadsløna;
Fly og hotell, pass, solkrem,
nye t-skjorter
og det dyre frøet, så sjeldan
at eg berre så vidt fekk kjøpe det

men det fekk eg
og no sit eg i sofaen og tenkjer
på i går, då eg sat på kne og planta
frøet, pakka på molda med omsorg,
vatna som var det mine eigne tårer
og mitt eige hjarte som låg i jorda
Venta på lyset og varmen og lysta
til å vekse

og eg tenkjer på i natt, draumen
om det store treet og den gode skuggen
det vil kaste over huset
og dei flotte blada og gleda
ved å klatre i dei sterke greinene
og kor flott det vil ta seg ut
i hagen min

og eg tenkjer på i dag tidleg,
då eg gjekk med lette steg ut i hagen
for å sjå, vente på den vesle spira
og gjekk med tunge steg inn att
etter å ha sett holet i bedet og det øydelagde frøet
som låg knust mot ei steinhelle

og eg tenkjer på dei to gutane
som ikkje lenger smiler så breitt
og hunden deira og
sinte og litt fattigare foreldre
og dei undrande auga og fortvila stemmene,
- “men det var då berre eit frø?”…

1 kommentar:

  1. Eg vert sterkt gripen av dikta dine. Du har ei utruleg formidlingsevne.
    Har no lest gjennom dei siste dikta dine. Er ikkje heilt på "nett" for tida.
    Men måtte innom deg i dag. Enig med Spirea.
    Takk at du deler!

    SvarSlett