Det einaste rettferdige
ville vore
å demontere
trea
med same
langsiktige, forsiktige
og ømme
omsorg som naturen viste
i prosessen med å bygge;
Vise at vi veit
– at vi er ein del av det same
Det einaste
rettferdige ville vore
å rive av
blomestilkane
like sakte,
like skjørt
som dei ein
gong reiste seg frå molda,
strekte seg
mot lyset;
Returen
burde vore like vakker
Det einaste
rettferdige ville vore
å kutte
alle strå
som
drypande vatn, tålmodig,
medan vi
smiler mot sola og held ømt om aksa
let dei
falle til jorda så mjukt, så mjukt;
Vår audmjuke takk – oss
levande imellom
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar