Viser innlegg med etiketten rettferd. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten rettferd. Vis alle innlegg
tirsdag 10. juli 2018
fredag 16. mars 2018
Dei som vaktar
stille
ventande
svevar
dei kvite blodcellene rundt
gjennom
straumen
organismen
skal vidare
kravlande,
springande, symjande
over
jordkloden
alle
som stikk kjeppar i hjula
så
maskineriet vert truga
og
ferda sakkar farta det aller minste,
vert
eliminerte –
men mennesket
som
samfunn er vi annleis –
møter
støyskaparane
på
eit høgare plan
der
alt det mekaniske
kjem til kort
mandag 27. januar 2014
Eg ynskjer...
vi kunne vakne opp
til ei verd som var kvit,
dekt av eit vernande lag,
ei silkemjuk kappe –
at alt det skeive var rett,
at alt det knuste var heilt
vi kunne vakne opp
og ikkje lenger sjå dødens fotspor over marka
at heile verda var eit nytt, blankt ark
og vi alle fekk utlevert
like mange fargeblyantar kvar –
Etiketter:
måndagstema,
rettferd,
snø,
verda
lørdag 20. april 2013
Rettferd
Det einaste rettferdige
ville vore
å demontere
trea
med same
langsiktige, forsiktige
og ømme
omsorg som naturen viste
i prosessen med å bygge;
Vise at vi veit
– at vi er ein del av det same
Det einaste
rettferdige ville vore
å rive av
blomestilkane
like sakte,
like skjørt
som dei ein
gong reiste seg frå molda,
strekte seg
mot lyset;
Returen
burde vore like vakker
Det einaste
rettferdige ville vore
å kutte
alle strå
som
drypande vatn, tålmodig,
medan vi
smiler mot sola og held ømt om aksa
let dei
falle til jorda så mjukt, så mjukt;
Vår audmjuke takk – oss
levande imellom
tirsdag 11. desember 2012
Hei vatn!
Hei
vatn, som renn
og
som boblar
frå
kranen, i strie straumar,
renn,
som gjaldt det livet
og
du er den einaste hjelpa
Så
muntert du strøymer,
til
fryd for tørste halsar,
lyden
av rennande, iskaldt vatn,
musikk
i vestlendingsøyrene
Hei
vatn, i overflod
ei
kjelde som aldri går tom,
i
styrtande kav
frå
fjellet, og heilt ned
i glaset mitt,
blankt og kjølig
herleg
smak av ei god verd
Men
du, vatn? Eitt spørsmål,
eg
vil gjerne ha svar,
og
ei bøn frå oss
med nestensvømmehud:
Kvifor deler du så
ulikt
ut di velsigning,
vi
har uendeleg tilgong,
medan
andre drøymer om vatn,
men
det blir verande i draumen
Og
så bøna:
kan
du lage ei renne, ein sving i elva,
ut
av leia, ut av kursen mot oss,
og
fylle draumane
til
dei hine, så det renn
over?
Abonner på:
Innlegg (Atom)
