onsdag 10. april 2013

Til S [2]



Frå vindauget mitt,
i tredje etasje på sjukehuset,
kan eg høyre duren frå den levande byen
der ute

Nokre hustak kan skimtast,
og eg veit: Der lever menneske
sine vanlege (og uvanlege) liv
Dei går på arbeid,
handlar i butikken, les i ei avis, kyssar
ein varm munn,
spring om kapp gjennom parken,
traktar kaffi i eit einsamt kjøken, luftar
hunden,
set ei sprøyte, vekkgøymt under ei bru,
kjøper ein bil, sel eit hus, flyttar,
kjem, lever, pustar,
let dagane sive gjennom seg som sand
i eit timeglas

Eg står og lyttar til pusten
til eit sovande barn
Heile mi verd er blitt endra,
og ikkje ei sjel der ute veit det, eller
i det heile veit at eg er i deira by

Slik er det vi menneske lever
Side ved side
Parallelt
og likevel skilt med nesten vasstette skott

Av og til møtest vi --

Av og til blir vi kjent med menneske som
endrar oss, snur alt på hovudet,
tek oss med inn i sin eigen hjarterytme
og let oss leve så nær så nær

I dag har eg møtt eit slikt menneske,
eit som er avhengig av meg
og som hjarta mitt er avhengig av

Eg høyrer larmen frå byen, og er glad;
Eg møter ikkje alle,
men eg har møtt deg -- 

8 kommentarer:

  1. Så fantastisk koselig skrevet!

    SvarSlett
  2. Et utrolig sterkt innlegg <3 og likte det så :-)

    SvarSlett
  3. Wonderful photo!Thank you for sharing and have a nice day!

    SvarSlett
  4. Flott tekst og nydelig bilde!

    SvarSlett
  5. Tankevekkende og filosofisk...
    Kan jeg gratulere?! :)

    SvarSlett
  6. Takk! Og ja, gjerne det, Mandelhjärta!

    SvarSlett
  7. Det var sterkt, gripende og tankevekkende :0) Flott innlegg... kjenner meg igjen...man tenker så mangt når man jobber på sykehus.
    Gratulerer så mye :0)

    SvarSlett
  8. Gratulerer!! Så gledelig :-)
    Godt skrevet om akkurat slik det er. Men det rare er at det er oftest (for min del) når man står utenfor/på siden av alt at man ser det. Nyt tiden "på siden av"

    SvarSlett