Frå vindauget mitt,
i tredje
etasje på sjukehuset,
kan eg
høyre duren frå den levande byen
der ute
Nokre
hustak kan skimtast,
og eg veit:
Der lever menneske
sine
vanlege (og uvanlege) liv
Dei går på
arbeid,
handlar i
butikken, les i ei avis, kyssar
ein varm
munn,
spring om
kapp gjennom parken,
traktar
kaffi i eit einsamt kjøken, luftar
hunden,
set ei
sprøyte, vekkgøymt under ei bru,
kjøper ein
bil, sel eit hus, flyttar,
kjem,
lever, pustar,
let dagane
sive gjennom seg som sand
i eit
timeglas
Eg står og
lyttar til pusten
til eit
sovande barn
Heile mi
verd er blitt endra,
og ikkje ei
sjel der ute veit det, eller
i det heile
veit at eg er i deira by
Slik er det
vi menneske lever
Side ved
side
Parallelt
og likevel
skilt med nesten vasstette skott
Av og til
møtest vi --
Av og til
blir vi kjent med menneske som
endrar oss,
snur alt på hovudet,
tek oss med
inn i sin eigen hjarterytme
og let oss
leve så nær så nær
I dag har
eg møtt eit slikt menneske,
eit som er
avhengig av meg
og som
hjarta mitt er avhengig av
Eg høyrer
larmen frå byen, og er glad;
Eg møter
ikkje alle,
men eg har møtt deg --
Så fantastisk koselig skrevet!
SvarSlettEt utrolig sterkt innlegg <3 og likte det så :-)
SvarSlettWonderful photo!Thank you for sharing and have a nice day!
SvarSlettFlott tekst og nydelig bilde!
SvarSlettTankevekkende og filosofisk...
SvarSlettKan jeg gratulere?! :)
Takk! Og ja, gjerne det, Mandelhjärta!
SvarSlettDet var sterkt, gripende og tankevekkende :0) Flott innlegg... kjenner meg igjen...man tenker så mangt når man jobber på sykehus.
SvarSlettGratulerer så mye :0)
Gratulerer!! Så gledelig :-)
SvarSlettGodt skrevet om akkurat slik det er. Men det rare er at det er oftest (for min del) når man står utenfor/på siden av alt at man ser det. Nyt tiden "på siden av"