Eg reiste til verdas ende –
for å kjøpe
eit frø,
eit dyrt og sjeldan frø
som kosta
meg månadsløna;
Fly og
hotell, pass, solkrem,
nye
t-skjorter
og det dyre
frøet, så sjeldan
at eg berre
så vidt fekk kjøpe det
men det
fekk eg
og no sit
eg i sofaen og tenkjer
på i går,
då eg sat på kne og planta
frøet,
pakka på molda med omsorg,
vatna som
var det mine eigne tårer
og mitt
eige hjarte som låg i jorda
Venta på
lyset og varmen og lysta
til å vekse
og eg
tenkjer på i natt, draumen
om det store treet og den gode skuggen
det vil
kaste over huset
og dei
flotte blada og gleda
ved å
klatre i dei sterke greinene
og kor
flott det vil ta seg ut
i hagen min
og eg
tenkjer på i dag tidleg,
då eg gjekk
med lette steg ut i hagen
for å sjå,
vente på den vesle spira
og gjekk
med tunge steg inn att
etter å ha
sett holet i bedet og det øydelagde frøet
som låg
knust mot ei steinhelle
og eg
tenkjer på dei to gutane
som ikkje
lenger smiler så breitt
og hunden
deira og
sinte og
litt fattigare foreldre
og dei undrande auga og
fortvila stemmene,
- “men
det var då berre eit frø?”…

Eg vert sterkt gripen av dikta dine. Du har ei utruleg formidlingsevne.
SvarSlettHar no lest gjennom dei siste dikta dine. Er ikkje heilt på "nett" for tida.
Men måtte innom deg i dag. Enig med Spirea.
Takk at du deler!