fredag 19. april 2013

Mine spor



Dette er mine fotspor,
dette er mine steg
i forgjengeleg snø
Her stod eg – ein gong
og tenkte – på kva?
Eitkvart lite, eit snøfnugg, kan hende

Det er gløymt, som alt anna
Og snart smeltar snøen,
spora vert borte og ingen veit om
at eg stod – at eg tenkte – at eg var --

1 kommentar: