søndag 14. april 2013

Dikt om eit våpen



Det tek tid å lage eit våpen
Energi, også
Og råstoff, utvunne med sveitte
og verkande musklar og maskiner
som spyttar ut kolos og tåke

Ingenting kan vere tilfeldig
når du skal lage eit våpen
Støypeformene må vere nøyaktige,
ikkje på millimeteren, men
på tidelsmillimeteren
skal det fungere perfekt

så difor er fabrikanten nøyaktig,
og kontrollerer våpenet nøye etterpå
- at det verkar som det skal

og gjer det det, vert det merka og lagra
på ein sikker plass
til dei som har sendt inn bestilling
kan hente

Og så vert våpenet teke i bruk,
lagt i hendene på ein ung mann
som får beskjed om å ta vare på det,
pusse og stelle det
bli kjent med det
til det til slutt vert som ein forlenga arm
på hans eigen kropp
Ein arm som når langt --

Soldaten vert – etter månadars slit –
plassert bakpå lastebilplanet
og køyrt ut i feltet
- Tretti alvorlege gutar – snart menn
med ei visse brennande bak auga;
ikkje alle kjem att --

Også i felt må våpenet stellast,
og pussast og oljast
Ideleg gnir dei twisten mot metallet,
og håpar dei kjem heim til jul
- eller ein gong…

Det er roleg. Lenge.
Venting. Skyting. Venting.
Venting…

Ein dag smell det – ein granat –
og våpenet, etter fire års stell,
vert sprengt i filler på under eitt sekund
og er ubrukeleg for all framtid

- og guten bak, tjue år,
vatna som ein blome av ei kjærleg mor
og ein håpefull far
og eit samfunn – som skulle
            gjere han til noko stort

… kanskje skulle det vore skrive eit dikt,
eller ein roman, om han også.

1 kommentar:

  1. Sterkt! Klarer ikkje å gje anna kommentar - du har sagt alt.

    SvarSlett