I mi tause verd
strekk eg meg
etter orda
si kjelde,
huset der orda vert til
Høgt over
livet,
høgt over
det stumme graset
eg trør
og dei ordlause
gatene,
meter etter
meter med asfalt
som ikkje
seier meg noko,
vert orda
fødde, dei store, dei små
dei skjøre
som knuser som glas
om eg riv
dei ned
Lengtande
ser eg etter orda,
ventar på
at dei skal komme til meg
på fjørlette
vengjer og lande
ein stad eg
kan nå dei
Sakte må eg
nærme meg, nedanfrå,
audmjukt, som
var dei ein fugl
klar til å
lette, klar til å fly
ved den minste forskyving av
luft
(Mitt bidrag til Tina's picstory: von unten)
great shot! thanx :)
SvarSlett