Inspirasjon – eit krasjpunkt
mellom vatnet
i plenen
og det
ausande regnet,
som står
som stolpar bortover marka
Eg går
berrføtt, berre for å kunne kjenne,
vite med
instinkta
- eller
kvar nervetråd som pulserar
mellom
kroppen og hovudet,
der dei
gamle signala vert brotne ned,
klipt bort
med pinleg nøysemd
og bygde
opp att – til eit heilt nytt byggverk
og plutseleg
står alt klart for meg,
Eg plaskar
over plenen, vasspruten står
om beina
mine
og eg
tørkar ikkje ein gong av meg på dørmatta;
eg må finne
notatboka og pennen
før orda forsvinn ut i
sølekavet att
Akkurat slik er det, et øyeblikks klarsyn og ordene er der, for så å forsvinne hvis en ikke skynder seg...
SvarSlett