Viser innlegg med etiketten skrive. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten skrive. Vis alle innlegg

søndag 1. januar 2017

Det vanskelege andrediktet


orda krøllar seg
inni fingrane,
strittar imot – nektar
å føye seg inn i rekkene

orda klumpar seg saman
til eit virvar av strekar og buar
- ideen om ord og setningar
vil ikkje bli materialiserte – no;

blyanten ligg stille
arket er tomt
tastaturet er stille i kveld

dette er alt de får


mandag 7. april 2014

Nødvendig



Det er heilt nødvendig å skrive eit dikt
Det kan handle om troll og tussar slikt
Som du veit er mest tøv og litt fjas,
Let deg rømme frå kvardagens mas

Det er heilt nødvendig å lese ei bok
Slik at hjernen kan føle den vert litt meir klok
Bokstavane dansar så vakkert på rad
Og legg seg til rette i minnet ein stad

Det er heilt nødvendig å rekne eit tal
La hjernen få knirke seg fram til eit val
Der du ser at det heile til slutt vil gå opp
(I kontrast til det som i dag er blitt “pop”)

Det er heilt nødvendig i blant vere still
Kunne sleppe dei fram, dei tankar som vil
Vere med på ei djupare reise i tida
Så fornufta og du står att på same sida


søndag 28. april 2013

Inspirasjon



Inspirasjon – eit krasjpunkt
mellom vatnet i plenen
og det ausande regnet,
som står som stolpar bortover marka

Eg går berrføtt, berre for å kunne kjenne,
vite med instinkta
- eller kvar nervetråd som pulserar
mellom kroppen og hovudet,
der dei gamle signala vert brotne ned,
klipt bort med pinleg nøysemd
og bygde opp att – til eit heilt nytt byggverk

og plutseleg står alt klart for meg,
Eg plaskar over plenen, vasspruten står
om beina mine
og eg tørkar ikkje ein gong av meg på dørmatta;

eg må finne notatboka og pennen
før orda forsvinn ut i sølekavet att