tirsdag 1. desember 2020

Hav utan magemål

problemet er ikkje det me har

men det me trur me kan få

fordi me har rett til det

som eit sjølvsagt tilbehør til julemiddagen


ein saus av elektronikk, eit teppe

av ord, tøy, plast og glas

 

eit hav å symje i

men inga landkjenning, inga kai

å kunne klatre opp på, leggje seg flat

og nyte solvarmen

 

berre dette havet som stadig samlar meir av vatnet

og me som kavar med å halde oss flytande

medan ørkenen brer seg ut

der alle dei andre er



mandag 30. november 2020

Midlertidig

orda legg seg som fotspor
i nysnø

viser at her har nokon gått
her har nokon ytra seg

her har nokon vore til

så kjem våren, snøen smeltar
spora forsvinn

og ingen vil minnast orda
eller han som førte pennen


søndag 29. november 2020

Tidsportalen

mellom kvart tre i skogen
står ein portal til ei anna verd

går du mellom bjørkestammane
går du inn i framtida

vårregn på eine sida
er haustregn på den andre

og kjem du langt nok unna, vadar du i snø
som kjem fykande med vinden

så kan du sirkulere rundt
den eine stammen
til tida går baklengs,
og du kan spole tilbake til glade sommardagar
med løvetann i håret
og smørblom på haka;

til sist må du forlate skogen,
for slik er lovene her

du får di tid
før haustvindane tek deg med         bort




lørdag 28. november 2020

Fuglar i sirkel

fuglane er bombefly
over denne byen

me rømmer for livet,
ser tønnebomber 
komme i fallande bue mot gatene
som ein gong var trygge

alt er krater, alt er sår
alt er brennande tomme vindauge som lyser
svart

fuglane flyr i sirkel, gaper med opne nebb,
ser oss djupt inn i auga

før dei lettar over skyene og forsvinn bak horisonten

me søv med auga på gløtt
for me veit dei kjem att



torsdag 26. november 2020

Anger

slike ord som aldri er sagt
utan å falle som småstein
i milliontal
over kanten på stupet

fell mot bakken
som massen til eit fjell i fall
og lyden av eit lyn
i natta

ord som du prøver hale opp att
men må sjå
forsvinne i djupet
utan å vite kva dei treff --

ei knusande tyngd
i fjørlett pust


onsdag 25. november 2020

Mykje gøymt

det er mykje du kan gøyme

bak eit gjerde, under ein stein

utanfor rekkevidde

for vitet


store ord kan skjule tusen mistak

gøymt som usynlege komma

i ein skog, i eit vatn

der ingen vågar å opne munnen

                utan frykt for å kvelast

av gamle bokstavar på skrå i halsen


hundre små ord, som repetitive frekvensar

gjennom luftrøyr svarte av skuld

og auge som må haldast lukka

for ikkje å røpe alt ein veit

og som ingen skal vite at ein visste --


men det aller siste

er stilla og mørket;

ein sikker skjulestad, kan ein tenke

 

men til sist 

          kjem alt 

                     fram i lyset



tirsdag 24. november 2020

Noko meir?

han var sikra

på alle vis

bygde seg opp, høgare

oppover opp 

over alle andre

som han så djupt forakta

for deira sløve evner til å klatre


og sat der på toppen

vaiande med sigaren

på eit berg av gull

sukka, mellomnøgd, skoda ut mot horisonten

undra

kva no?

er det ikkje noko meir?