eg blunkar
og plutseleg
er eg ikkje lenger eit barn
verda vidar seg ut
som når ein glir inn mot land
frå det store havet
og kysten openberrar seg
i alt sitt velde
konturane av ei framtid
stig opp av vatnet
auga mine
som nettopp vart fødde,
må lære seg å gå på eiga hand
og overleve
som jeger i ukjent landskap
stivt stirrar eg framfor meg,
medan eg glir inn på stranda
eg torer ikkje blunke ein gong til
lørdag 1. februar 2020
fredag 31. januar 2020
Kjære tiger
kjære tigerjente
dette skriv eg
frå djupet av ditt hjarte
ver grei no
slepp meg fri, det er lov
å angre
det er lov
å la antilopebeina fly
frie, dansande, syngande
over savannen
utan å ta opp jakta
kvar gong
dette skriv eg
frå djupet av ditt hjarte
ver grei no
slepp meg fri, det er lov
å angre
det er lov
å la antilopebeina fly
frie, dansande, syngande
over savannen
utan å ta opp jakta
kvar gong
torsdag 30. januar 2020
Studenten
å stille seg usynleg
litt på sidelinja
dytte seg sjølv ut
i beste meining
sjå alle som hastar forbi
le litt av alle dei slitne ansikta
studere dei slitte skoa,
hendene som held så hardt i handleposane
tilpasse blikket
til lyset i gata
vere kameleon, spion
fluge på veggen
sjølvsagt i beste meining --
me vil det berre godt
ja
litt på sidelinja
dytte seg sjølv ut
i beste meining
sjå alle som hastar forbi
le litt av alle dei slitne ansikta
studere dei slitte skoa,
hendene som held så hardt i handleposane
tilpasse blikket
til lyset i gata
vere kameleon, spion
fluge på veggen
sjølvsagt i beste meining --
me vil det berre godt
ja
onsdag 29. januar 2020
WYSIWYG
WYSIWYG
seier me
og dreg på skuldrene,
skuler litt på kvarandre
prøver så godt me kan
å skjule lygekorsa
bak ryggen
seier me
og dreg på skuldrene,
skuler litt på kvarandre
prøver så godt me kan
å skjule lygekorsa
bak ryggen
tirsdag 28. januar 2020
Som dødvekt under auga
djupt under auga
kviler steinen
som ein gong vandra fritt
i skuggane frå hjartet ditt
ein dag kom mørket
som ein orkan
og overskygga alt du var,
fylte deg med ei redsle, ein avgrunn
det var umogleg å flykte frå
i svevet mot klippene der nede
var det noko som fanga deg opp,
ein stråle av lys trengde gjennom, så ein til,
og fleire og fleire
og songen i lyset løfta deg,
fylte hjartet med strålar ingenting kan stogge
og trolla, som i to netter hadde fått herje fritt,
stivna til blokker av stein -
endå ligg dei der
som ei bør,
endå lagar dei romlelydar
og pressar deg mot bakken,
men du veit:
det som er blitt til stein
kan vanskeleg vende tilbake,
i lyset finst ein garanti
om avlasting
ein dag vil alt bli løfta av
og du er fri
kviler steinen
som ein gong vandra fritt
i skuggane frå hjartet ditt
ein dag kom mørket
som ein orkan
og overskygga alt du var,
fylte deg med ei redsle, ein avgrunn
det var umogleg å flykte frå
i svevet mot klippene der nede
var det noko som fanga deg opp,
ein stråle av lys trengde gjennom, så ein til,
og fleire og fleire
og songen i lyset løfta deg,
fylte hjartet med strålar ingenting kan stogge
og trolla, som i to netter hadde fått herje fritt,
stivna til blokker av stein -
endå ligg dei der
som ei bør,
endå lagar dei romlelydar
og pressar deg mot bakken,
men du veit:
det som er blitt til stein
kan vanskeleg vende tilbake,
i lyset finst ein garanti
om avlasting
ein dag vil alt bli løfta av
og du er fri
mandag 27. januar 2020
Du veit ikkje
dei tause orda
like under huda,
boblar, fresar, etsar seg veg
gjennom blodårene mine
utan at du veit det
utan at nokon veit, det
er ein brann utan røyk
ein eld utan flamme
ord under trykk
og presset er så stort
at somme tider har eg ikkje tankar
for anna
enn å teie
like under huda,
boblar, fresar, etsar seg veg
gjennom blodårene mine
utan at du veit det
utan at nokon veit, det
er ein brann utan røyk
ein eld utan flamme
ord under trykk
og presset er så stort
at somme tider har eg ikkje tankar
for anna
enn å teie
søndag 26. januar 2020
Når du ser på meg
eg vert til
når du ser på meg
aleine eksisterer eg
går her, som ein motor
på tomgang
når du ser på meg
vert hjartet mitt materialisert,
kroppen tek form
som ein skugge som reiser seg opp
vidar seg ut i ein ny dimensjon
og fyller lungene
for første gong
i auga dine
får verda rundt meg farge
og alt som før var
råstoff for å overleve
vert eit landskap å springe i,
leggje seg ned blant fargerike blomar
og vere til i
når du ser på meg
aleine eksisterer eg
går her, som ein motor
på tomgang
når du ser på meg
vert hjartet mitt materialisert,
kroppen tek form
som ein skugge som reiser seg opp
vidar seg ut i ein ny dimensjon
og fyller lungene
for første gong
i auga dine
får verda rundt meg farge
og alt som før var
råstoff for å overleve
vert eit landskap å springe i,
leggje seg ned blant fargerike blomar
og vere til i
Abonner på:
Innlegg (Atom)