fredag 25. april 2014

Eksistens



kva ventar dei på
trea
kva sukkar dei for

vi er så korte eksistensar
forsvinn så raskt
frå staden vi står

snart er trea borte
snart er vegen grodd att

snart er stjernene borte
og sola brent ut

alle vitna, som visste
at eg var her
er borte, som eg

(det er drepande deprimerande
å tenkje
at det er dette som skal vere
realisme)



(weekend in black and white)

torsdag 24. april 2014

Reise til #5




eg leitar med lupe
over kartet, prøvar finne
staden der livet mitt snudde
frå barnleg naivitet
til kald kynisme –
ser alle svingar og høgdekurver,
ser alle stader der vegane mine kryssar
juv og steile fjellveggar, ras og flaumar,
ser kor kartet krøllar seg –
- eg klarar ikkje finne staden,
men ser at der endå er store kvite felt
eg kan styre vegane inn på,
stadar der eg … kanskje –
kan finne reparasjon
for mine knuste draumar

Reise til #4




heile livet har vore
ei reise i dette planet,
over denne flata
som så lett kan lure auga

for under overflata
lurar dei store djupa
og langs sidene
er det fjellveggar så bratte
at ingen av mine ord
eller handlingar
når over

heile livet har eg vore på veg
i dette landskapet,
det har forma meg
forma sinnet mitt
til den eg er –
ein balansekunstnar
mellom fjell, over djupner, under
høge himlar


onsdag 23. april 2014

Reise til #3


som leire
lar eg mine vegar gje etter
for dine ord, let dei rette seg
etter hender som leier
og auge som verkeleg ser

som leire
er eg dine hender
og mine reiser
er i dine tankar
og mine steg
vert til ord i din munn

tirsdag 22. april 2014

Reise til #2



eg reiser mot ei strand
ei vik eg kan gli inn i

fire segla
leggje inn årene

la steinar og sand
ta imot – stanse denne reisa

la meg stige ut
i eit anna landskap