tirsdag 25. juni 2013

Kvinna under treet



Eg spring over eit fjell
Eg går gjennom ein dal
Ei kvinne står under treet og ventar
På månen og sola, at stjerner skal lyse
At plantar skal vekse og gro

Eg sym over havet
Eg kryp gjennom ørken
Ei kvinne sit under treet og tenkjer
På alt det ho hadde, og alt ho vil få
At nokon skal bygge ei bru

Eg klatrar i berga
Eg rømer frå elden
Ei kvinne ligg under treet og syng
Om dagar i stille, melodiar som flyt
Som ei rennande elv gjennom verda

Eg kastar meg ned, med fjeset i molda
Pustar ut mine svartsvidde fuglar
Ei kvinne har opna ei hand under treet
Og auga dei glitrar som stjerner i natt
- Så møttes vi endeleg – lov at du aldri vil gå!

mandag 24. juni 2013

Juniblomar



At blomar blømer
og gradene stig
medan sola varmar
mi snøkalde hud
og borna leikar
der katten dansar
på nyslege gras
og i grøfter med alle slag blomar,
for ferien ventar
på iskrem som smeltar
over klissete nevar
som nettopp har fletta ein krans
av juniblomar
og lagt den til pynt
rundt mitt hovud

er nokre av grunnane til
kvifor eg likar juni så godt!


(Også posta på Tina's Picstory: Juni blumen)

søndag 23. juni 2013

St.Hans



Det var elden du vitna om,
du uforklarlege mann, så annleis
enn det vi hadde forventa

Du skulle rydde veg
og du rydda så godt du kunne,
ein veg tvers gjennom vår hjarteørken,
tvers over havet som skil oss
frå det verkelege livet

Du trassa samfunnet
Kledde deg rart
Åt mat som vi andre forakta
Tala ord som vi ikkje forstod –

ikkje før elden fata rundt hjarta våre,
brann med ein eld som bygde,
ikkje øydde

Ja, det var elden du vitna om,
det forstod vi
då vi sjølv fekk beskjed om å ta av oss skoa
og tre inn på heilag grunn –

Difor tenner eg bålet mitt i dag,
og minnast din livsmisjon;
vere motpol, og peike
på Han som sidan tente elden
i hjarta

På golvet



Vi ligg her på golvet
og pratar saman – eg og du
Ser kvarandre inn i auga, smiler
og deler denne morgontimen

Ein som har levd ganske lenge,
sett verda snurre
sett tida gå
sett menneske komme og forsvinne
i tåka

Og ei som er ny i tida, uerfaren og fersk,
ikkje sett så mykje endå
Endå…

Skal tru kva du tenkjer på, du ordlause?
Skal tru kva du skal få sjå,
oppleve, erfare?
Skal tru kven du får møte på vegen,
kven du vil sakne, kven du vil møte
med opne armar

Endå er alle korta opne
Endå…