tirsdag 24. mars 2015

Dagen slepp taket


det ligg eit stille vemod
kvilande over staden

fjorden blenkjer,
sola takkar av

ei ferje glir ut
over og vekk

og livet går vidare,
hjartet fortset å slå

i eit anna lys


Rett


under her
seier du
er det ein båt

under båten
seier du
er det ein fjord

utanfor fjorden
seier du
er det eit hav

vatn som breier seg
seier du
rundt ei romkule i fritt svev

-

alt eg ser
er desse rette mastene
men eg trur deg;
ein stad må dei vel vere festa

og at båten flyt på vatn
så langt strekk tanken seg,

men eit hav -
det finn eg vanskeleg å tru

- 

er du sikker på dette?



mandag 23. mars 2015

Guide


du viste meg verda
gjekk opp stien på såre bein

dette fjellet er eit haldepunkt
dette er fast grunn, sa du

så var du borte, vårregnet kom
og fjellet er alt eg har att


fredag 20. mars 2015

Himmellekam



eg er ein himmellekam
glir mi bane gjennom rommet

ei lov er ei lov, seier du
nektar å gje meg større fart

i dag gir eg skugge, i morgon du
og så ligg romviddene tomme tilbake


onsdag 18. mars 2015

Ein smule sur



kanskje er det maktesløysa,
at ein gjerne ikkje vil
vere ein som ikkje kan seie
og vere akkurat der og den ein vil
eller ikkje vil
akkurat når og om
ein har lyst

kanskje passa det ikkje så godt
akkurat no
å gjere noko anna;
avslutte noko, begynne noko
eller vere vidare i dette
ein ikkje ynskjer

kanskje veit ein ikkje,
kanskje er det ikkje noko
i det heile –
ein berre
er
sur

kanskje går det
snart over




(Onsdagstema: Tørr - portrett av ei jente som er tørr bak øyra og veit kva ho vil! Og ikkje vil...)