fredag 26. april 2019
onsdag 27. mars 2019
Væskehimmel
lengten kan best
skildrast
som ein flytande måne
på himmelhavet,
der alle tårene
eit menneske kan sleppe ut
vert samla som eit hav
og i dette havet
sym månen sakte
over horisonten
der ute
på den mørkaste baksida
av vår nære, men likevel så fjerne
satellitt
sit håpet mitt
med haka kvilande på knea
og ventar på
eit lite
eit aldri så lite, om enn mikroskopisk
livsteikn frå deg
onsdag 20. mars 2019
Vil synge
noko vil synge
på botnen av dette mørket,
gjere alt bra att
og løfte lyset oppover heilt over
kanten,
der strålane kan danse til musikken
og farge verda
i nye fargar
ja, noko vil synge
noko djupt her inne
under alt det tunge, alt det grå, alt
som pressar imot
ligg ein song og ventar
på soloppgangen
eg veit vil kome
lørdag 16. mars 2019
I det uendelege
i det uendelege
ligg uante sjansar
til å oppnå det umoglege
for ingen kjenner grensene
til universet
ingen veit kor tida stoggar
eller orda tek slutt
det er i dette, i denne erkjenninga
det vert mogleg å fjerne seg
frå eigne skylappar
og innøvde tankesett
la seg flyte over djupa
vere eit barn
i alle ting
stille spørsmål til skaparen
og opne hjartet
for overraskande svar
onsdag 13. mars 2019
Rekneskap
det er desse tårene
me skal gjere rekneskap for
den dagen snøen smeltar
og auga kan sjå noko vekse
der døden drog kappa si over marka
rekneskapet vil bli hardt
for me har harde hjarte
og viljen er vrang
og orda er som istappar
frå bergnabbane i sjela
og tala i rekneskapet
vil truleg ikkje stemme,
for me bokfører ikkje alt me veit -
me skriv dei raude tala
med så lita skrift me kan
i håp om at sola skal smelte blekket
saman med isen
og late alt renne ut og vekk
så rekneskapet vil bli hardt
for oss som lurar oss unna
våre eigne liv
fredag 22. februar 2019
Kva veit du
kva veit du eigentleg
om meg, seier desse orda
som ikkje passar saman
med det indre puslespelet
eg har leita i desse brikkene i snart førti år
og lagt på plass eit indre landskap
del for del
gjennom time på time med grubling og slit
det er ikkje gjort på ein liten time
å kartleggje landskapet -
kva veit vel du
om alle bitane eg har måtte endre på
og kor mange gongar eg har forandra på motivet
for at ting skal henge saman?
kva veit vel du
om alle tårene eg har brukt som lim
og som no ligg som betongballast
langs kjølen
kva veit vel du
om frykta som stadig trampar
med altfor store sko gjennom hjartet
og riv ned dei sirlege stillasa
ja, kva veit vel du -
og kva veit vel eg om dine kampar, dine brikker
din veg fram til hit -
Etiketter:
identitet,
kommunikasjon,
livet
mandag 18. februar 2019
Liv etter frosten
denne songen er den første
dette håpet er det største -
---
som eit nyfrose tre
eg bøyer meg ned
tek imot kvart mumlande ord
kjenner sorga kvile på snødekt jord;
at eg levde, at eg pusta at eg for
utan å setje eit einaste spor
at eg song at eg drøymde at eg var
som ein stridig knute hos han som bar
så var det noko som løyste seg opp
ein tinande stråle av sol mot ein kropp
som ikkje lenger levde, var til
for songen i hjartet var dørgande still
og varmen tok tak, og orda var linne
noko byrja å vekse, å spire der inne
i hjartedjupna du planta eit frø:
eg skal atter få leve, du valde å dø
for oss frostige, stridige sjølvgode tre
steig du like inn i dødsriket ned
stod opp att i velde, som den klaraste stjerne
tinte frosten og skamma som gleda fekk fjerne
og planta på ny denne songen, den første
eg syng den for Deg, du som lindra all tørste!
Abonner på:
Innlegg (Atom)