side
20
du
vert introdusert
og
treff den andre hovudpersonen
som
i denne boka
tilfeldigvis
er
meg
(kanskje
lurar du på
kvifor
du er med i akkurat denne boka?)
side
28
eg
tek handa di
du
smiler
side
35
du
kastar ein fullt knuseleg kopp etter meg
i
sinne
eg
grip den i siste liten
side
36
du
smiler til meg
eg
smiler tilbake
side
48
eg
spør om det er oss
og
du seier, ja, det er oss
side 50
det er oss
side 177
det er fortsatt oss
side
286
ikkje
så mykje som skjer
litt
fleire rollefigurar, berre
du
smiler fortsatt til meg
eg
smiler tilbake
side
287
du
smiler til meg,
eg
knyter hendene
og ser strengt på deg
side 288
så smiler vi att
side 316
ja,
fortsatt smil –
kjære
redaktør, eg veit ikkje…
trur
du folk gidd lese dette?
det
er kjekt å skrive
men
det
skjer ikkje så mykje akkurat
side
320
vi
avsluttar boka her
og
går over til neste bind,
så
får vi sjå kor mange som orkar
henge
med
…
terningkast
i Aftenposten:
2
‘sovna
på side 36’
teaser
bok 2:
fleire
smil
fleire
koppar som vert kasta
og
gripne
i
siste liten
og
endå fleire smil
og
sikkert ei tåre, dørsmelling, strenge blikk
og
smil
mange
smil…