lørdag 14. november 2020

Noko som et

 

tida berre forsvann

i det store tomrommet, kvervelvinden

etter orda dine


hjartet forsvann i same slengen,

liksom berre imploderte til ei nøytronert

og falt gjennom golvet i auga dine


lenger bort kjem me

viss me roterer på same staden

og let som me flyr over hava


det næraste

er det som er fjernast

og det som et av liva våre

nektar å gi seg

uansett



fredag 13. november 2020

Redusert til ingenting

 

dei som vandrar oppned over måneflata

og set seg på kraterkanten, kikkar

ut i det store svarte

ser jorda segle likegyldig forbi

som om ingenting har hendt


berre det blå og det grøne og det kvite og det brune

i stille sirkulasjon

tømt for meining, tømt for ord og hud


kanskje er der ein napoleon, eller ein viking

ein holemann, ein dinosaur, ein einstein, det

er ikkje godt å seie

for alt det menneskelege er redusert til ingenting

på denne avstanden


det er så herleg stilt

seier den eine

og den andre nikkar, tømmer kaffi i kruset

og sukkar fornøgd


onsdag 11. november 2020

Mold i rørsle

moldkroppen løyser seg opp
og vert bygd saman

kvar morgon
glir delane i kvarandre

og eg kan kjenne livet strøyme
som rushtrafikk gjennom kroppen

- det er berre mold, tenkjer eg
let auga kvile i auga i spegelen

hud mot glas
eit blikk mot det uendelege

let meg falle bakover
kjenne det tomme rommet som eit dragsug

i det eg endå ein gong fell saman
og vert bygd opp på ny, ein transfigurasjon

så rask og smidig
at ingen i verda kan sanse det

og stig ut i den nye dagen
med moldkroppen nybygd, nyskapt, klar


tirsdag 10. november 2020

Vern flammen

hald rundt den vesle flammen,
vakt den for vind og storm og regn

gje brensel, gje luft, gje varme!
til flammen som brenn i hjartet

løft den opp
set den høgt


la den skine i auga!
men vakt deg for vinternattssnøfallet
som i alle mørke timar
trugar med kvelande omsorg
for dette fargerike det ikkje kan tole

-

ikkje la deg bøye, ikkje la deg dytte ut
men hald rundt den vesle flammen
så han ikkje sloknar

 

mandag 9. november 2020

Mål

 

så mange linjer frå fortida

i stille strek

over papiret

mot forsvinningspunktet

langt der framme


vert ein veg eg kan gå

der hjartet smeltar 

inn i spora

i velsigna symbiose


stille strekar

som ei hand 

strekt ut, lyftar meg fram

mot mål


søndag 8. november 2020

Komplisert

kjensla av å vere ein bekk

med frådande vatn,

vere eit stryk i flukt

full av kraft og pågangsmot

 

eller ein stein i bekken

stille, taus og robust

som eit punkt å måtte forsere

på vegen mot noko anna

 

eller kanskje heller ein båt

i den ville straumen,

den som må kjempe imot

alle undergangskreftene --


ofte er kjensla

at eg er alle tre

på ein gong