torsdag 21. juni 2018
onsdag 20. juni 2018
tirsdag 19. juni 2018
Dei tause barna
utanfor
mi eiga komfortsone sit
ei
einsam jente
på
ein benk i eit bur
auga
lengtar etter varme
huda
lengtar etter trygge hender
kroppen
frys
sjela
frys
rundt
står skogar av soldatar
og
byråkratar
med
våpen og nøklar
og
attstengde hjarte –
kven
stengjer barna inne
som
dyr
kven
vrir om nøkkelen – seier
god
natt på eit framand språk
–
kven orkar møte eigne auge
etter
dette –
#hjarte
Ta vare på hjartet framfor alt, for livet går ut frå det. Slik står det i ordspråka i Bibelen, og det er eit ordspråk eg gjerne skulle delt med alle byråkratar og politikarar og militære i USA akkurat no. I går kunne vi lese i avisene at USA dei siste månadane har skilt nærare 2000 barn frå sine foreldre etter at dei har kryssa grensa til landet ulovleg. Dette er ein umenneskeleg politikk, og eit overtramp av dimensjonar. Historia kjem til å døme Trump-administrasjonen for dette. Likevel - det hjelper så lite å sjå dette i eit historisk lys, all den tid styresmaktene øydelegg tryggleiken og tilliten og behovet for sine foreldre hos så mange barn. Akkurat no. Heldigvis er der no sterke stemmer som tek til motmæle. Eg ber om at dei må vinne fram - i dag.
mandag 18. juni 2018
søndag 17. juni 2018
lørdag 16. juni 2018
Grana
midt i den store skogen
stod ei
høgreist gran
ikkje noko menneske hadde planta
treet
heller ikkje vatna eller stelt det;
ein dag kom ein mann til skogen
og hogg ned den høge grana
han hogg av greiner
og skrapa av barken
og flisa opp all veden
så kokte han flisene
i ei kjemisk blanding
og delte blandinga i to;
den eine halvparten valsa han ut
og cellulosen vart til kvitt papir,
tynt og firkanta og glatt;
det la han i kopimaskina
og over veker og månadar og år
vart papirbunken sakte, men
sikkert,
dag for dag – mindre
utan at mannen brydde seg større –
av den andre halve blandinga
laga han finare, meir avansert
papir
og trykte på bilete og tal;
snart kunne han leggje fine
pengebunkar
trygt i safen
og han brukte resten av sitt liv
på å vakte safen
- sørge for at pengane låg godt…
men skogen fortsette å vekse
og ingen ville nokon gong ta notis
av
stubben
som stod att der grana ein gong
stod –
fredag 15. juni 2018
Abonner på:
Innlegg (Atom)
