torsdag 6. august 2020

På veg ut

spegelen gløymde ut fjeset mitt
i ein saktegåande prosess
på om lag to år

så sakte gjekk det
at eg ikkje la merke til den sakte utviskinga
før du ein kveld
        festa auga på meg i glaset

sjå, sa du
og eg løfta blikket,
såg at halve fjeset var vekke
og resten hadde dette gustne lyset
me tenkjer på når me høyrer ordet gjenferd

så rart, kviskra du, at du forsvinn
på denne måten

endå var det nokre månadar att
til heile spegelbiletet var borte,
men på den tida hadde eg slutta å opne auga

ingenting spelte lenger noko rolle

 

onsdag 5. august 2020

Planet

det er du som er
denne nye, mystiske planeten
som plutseleg dukka opp
i teleskopet

den ukjente overflata, skimrande og mørk
som eit magnetisk stoff
auga ikkje kan lette frå

eg forsøker å kartleggje rotasjonsbaner
omkrins og fart,
kartleggje tid og stad og masse
og substans,
men alt glir ut av hendene, tala forsvinn
løyser seg opp og krasjlandar
mot overflata

tyngdekrafta er større enn teleskopet klarar,
snart forsvinn det ut i rommet
saman med bøkene, tala, huset
alt eg har rundt meg
og eg sjølv, snart lettar eg 
svevar som ein taus astronaut
i astronomisk fart    -    utover

mot deg

tirsdag 4. august 2020

Dekonstruksjon

graset bøyer seg
for blikket mitt,
verda smuldrar opp
når eg løftar foten

endå så varsamt eg trør
vil noko falle saman
når eg set foten mot bakken

bak meg trekk urskogen nærare
for kvar meter eg går,
ikkje ein tomme asfalt er å sjå

i det fjerne høyrer eg
ein tiger brøle


mandag 3. august 2020

På veg til intervju

ei lita
knøttlita
pittepittelita
frykt
har bite seg fast
i anklane mine,
held att
vil ha meg
til å stoppe

du er så lita
du frykt
seier eg,
prøver å overhøyre, oversjå, overføle
dei klamme fingrane
som klorar seg inn i huda

slepar med meg denne frykta
bortover asfalten, høyrer skrapelydar
frå føter som strittar imot

det var då voldsomt, då
at du som er så liten
skal vere så vanvittig sterk
tenkjer eg,
kjenner at ho har fått betre tak

det er som å vasse i saktestivnande betong

veit
at anten må eg overgje meg og snu
eller så må noko anna
noko drastisk
gjerast, som å setje fram trugsmål

- eg byrjar å danse, seier eg, her, midt i gata, eller
- eg byrjar å synge, eg meiner det, om du ikkje slepp no
kjem eg til å fortelje ein vits, eg kjem til å
le av sveisen deira
skoa deira
eg kjem til å dumme meg ut, med vilje

høyrer du; med vilje!

eg kjenner sigeren i stemma
og den vesle frykta let føtene mine gå





søndag 2. august 2020

Flytte heim til seg sjølv

eg snik meg ut
frå dette tronge kottet
på baksida av hjartet

her har eg stuva inn alt
eg eigentleg ikkje treng
men tenkjer at eg kanskje får bruk for
ein gong

men som aldri vil bli henta fram att,
fordi eg eigentleg gløymer det ut
utan å gløyme det heilt,
berre let det liggje her og støve ned

somme tider
dessverre oftare enn ikkje
må eg sitje der sjølv også

eg finn ikkje plass
i dei store romma der inne
og set meg her ute, berre eg
ei lita niste, ei bok å lese i medan tida går
og verda berre snurrar og durar der ute

men
no snik eg meg ut, altså, no
vil eg ikkje sitje her lenger
og kva skal eg eigentleg med dette kottet?
kan eg ikkje setje fyr på heile greia
sjå det brenne til grunnen?

då er det ingen veg tilbake lenger,
då må eg jo berre vere der inne, der eg eigentleg bur
og møte det som kjem
utan sjanse for retrett
berre stramme meg opp, rette ryggen og
gjere det eg må -

er det nokon som kan låne meg ei fyrstikk?


lørdag 1. august 2020

Stilla går

stilla går her mellom oss
frå hand til hand
som ei gåve me gir vidare
utan først å eige den

berre lene seg mot det ein lengtar etter
og la tvilen komme alle ting til gode

så smiler stilla litt vemodig,
ruslar vidare inn i haustnatta
og me har allereie gløymt ho ut
i larmen frå byen
som vender tilbake som ei brusande elv;
riv oss med
i virvelen