tirsdag 10. april 2018

Der menneska bur



bak lysa bur det menneske
konturar mot natta
kviskrar: kom inn
når du bankar på

for bak smila bur det hjarte
og i auga bur musikken
dansen vi dansar er gleda
i det å vere meir enn ein


mandag 9. april 2018

Dei tomme hendene



eg såg hendene dine
skjelvande,
kor dei femna verda
som fram til i dag
hadde vore di

begge hendene dine
gråtande, grå
som to stille dører
inn til ei verd
eg ikkje kan sjå

og auga –
auga dine
to mørklagte stjerner
av redsle
ei knusande bølgje
mot hjarteveggane mine;

atlantis
er tapt
for evig




#gift
Eg såg eit bilde i dag, i ei nettavis, eit bilde som har brent seg fast til sjela mi. Ein far og to barn. I ein bil. I Syria. Faren held dei to små tvillingjentene i armane sine. Ei lita jente i kvar arm. Dei ligg der så fredfulle, med auga att. Faren har auga opne, og sorga eg kan lese i auga brenn seg fast som smeltande jern mot huda. Han har overlevd, han var ein av dei som kom seg levande ut av dei samanraste restane av ein by. 

Natta før hadde bombefly sluppe kjemiske bomber over byen deira, og lidingane rundt var enorme. Men denne mannen hadde overlevd. Det hadde ikkje dei to små døtrene hans. Eg trur ikkje mannen kjende noko glede over å vere blant dei levande. Ikkje no lenger.

Bildet var frå april 2017, og bildet viste vanlege kvardagsmenneske. Vanlege menneske av kjøt, blod og draumar. Som deg og meg. 

Det kunne vore deg og meg. 


søndag 8. april 2018

Lekkasje

eg prøvde så godt eg kunne
å halde tett,
plugge og lime og tette
alle moglege smutthol,
sprekkar og utløp

likevel sildra tankane gjennom
draup som blodflekkar
på papiret


Viss eg var fuglen



i svev over huset du bur i
er eg berre ein prikk
mot den store blå himmelen

viss eg var fuglen
i dette luftige svevet
ville du vore prikken, langt der nede
og eg hadde heile verda
for mine føter