søndag 8. februar 2015
Point
Etiketter:
grace,
haiku,
haiku horizons,
nåde
lørdag 7. februar 2015
I skuggen av tre
dette er dei seige tankars livd,
ein skugge som strekk seg
heilt inn dit draumane bur
legg seg som eit dekke,
eit vern mot det hurtige forfall
i asfaltverdas flatvalsa likskap
dette er dei tynne håps bauta,
ei line som strekk seg
frå det synlege og inn dit vi ikkje ser
legg seg som ein veg å gå,
eit stykke av verda
der all vår kontroll må gi tapt
dette er det ny livs vindfulle stad,
eit jordsmonn der røter kan strekke seg
mot kjelder i dei djupaste djup
bøyer sine greiner i vinden,
vert forma av dette usynlege
som fyller kvart sekund mot æva
(fototriss)
fredag 6. februar 2015
(de posthumane minners dikt)
øde er menneskenes land
goldt ligger det
som et minnesmerke
over seg selv
hvor menneskene ble av?
se, det vites ikke,
ingen protokoller kan fortelle
hvem som fylte disse sporene,
hvilke svevende drømmer
som her er tenkt
ingen hukommelse er tilbake
i trær, i stein og blomster
om de tobeinte vesen
som levde ut sine håp og visjoner
i disse dalene, på disse fjordene
for se, øde ligger menneskenes land
goldt og fortært av tiden
og vindenes ferd over jorden
det er et minnesmerke
men ingen tilbake som kan huske –
goldt ligger det
som et minnesmerke
over seg selv
hvor menneskene ble av?
se, det vites ikke,
ingen protokoller kan fortelle
hvem som fylte disse sporene,
hvilke svevende drømmer
som her er tenkt
ingen hukommelse er tilbake
i trær, i stein og blomster
om de tobeinte vesen
som levde ut sine håp og visjoner
i disse dalene, på disse fjordene
for se, øde ligger menneskenes land
goldt og fortært av tiden
og vindenes ferd over jorden
det er et minnesmerke
men ingen tilbake som kan huske –
torsdag 5. februar 2015
Gleda over mangfald
har
du nokon gong gått i
ein skog med identiske tre –
har du vandra gjennom ei eng
og tenkt, som eit ynskje
at alle blomar skein med same glans,
at alle var like høge, like runde
like strålande i si prakt
har du reist frå heimstaden,
køyrt gjennom framande grender
og tenkt – i oppriktig frustrasjon
at her burde alt vore som heime,
alle hus burde vore raude som mitt
alle gater burde vende mot aust
og alle hagar ha nøyaktig fjorten epletre –
har du lagt deg
etter ein regnfull, hustrig vinterdag
og drøymt dine mjuke draumar
om ein morgondag heilt lik
identisk til siste sekund
at ingenting nytt skal opptre –
ein skog med identiske tre –
har du vandra gjennom ei eng
og tenkt, som eit ynskje
at alle blomar skein med same glans,
at alle var like høge, like runde
like strålande i si prakt
har du reist frå heimstaden,
køyrt gjennom framande grender
og tenkt – i oppriktig frustrasjon
at her burde alt vore som heime,
alle hus burde vore raude som mitt
alle gater burde vende mot aust
og alle hagar ha nøyaktig fjorten epletre –
har du lagt deg
etter ein regnfull, hustrig vinterdag
og drøymt dine mjuke draumar
om ein morgondag heilt lik
identisk til siste sekund
at ingenting nytt skal opptre –
tirsdag 3. februar 2015
Eg er eit monument
ein gong sett her, planta
fordi nokon ville det
ein gong villa, skapt
som ein del av ein større tanke
plassert, normalt mot jordskorpa
som eit levande bevis - eit manifest
ser du skuggen eg kastar?
den vitnar om noko større - utanfor
og skuggen som dekkjer meg?
at det er nokon som vil meg vel
nokon som seier at eg er eit monument
sett, skapt, plassert, villa, elska -
ser du dropar av blod langs vegen?
det er leielysa -
monumentet skal flyttast
dit opphavet for alle monument får æra -
(onsdagstema)
mandag 2. februar 2015
Udokumentert
søndag 1. februar 2015
Abonner på:
Innlegg (Atom)