fredag 4. oktober 2013

Ei reise




Endå er det langt igjen
Fjelltoppar som reiser seg i det fjerne
Mål vi skal nå, milepælar
langs vegen vi må gå

Opp ein bakke, ned ein ny
over endelause enger,
langs strender, over hav

Endå er det langt igjen
og føtene er små

torsdag 3. oktober 2013

Alt kan skje

Det er ein stille dag
Ein så stille dag, at ingen merkar –

Ingen ville merka
om verda vart snudd opp ned
og vrangsida kom ut

Det er ein så stille dag, så stille
at alt kan skje – frå no…


onsdag 2. oktober 2013

Morning life



Early morning, morning sounds
are coming from the woods
I’m driving in my car, listening
to music
set against the morning quiet;
It’s loud, it's keeping me awake,
the deafening noise of hard rock worship –

Along the narrow, winding roads
Along the western fjords –
on my way to work, the day
has just begun
I am a happy man

In the sky a plane appears
out of the blue
A flying aircraft, metal vehicle
of plenty powers –
carrying inhabitants
so far away from here

What are you thinking, all you people,
sitting in your flying seats, high above the ground?
Are you drinking coffee, reading papers,
wiping eyes, withdrawing every piece of night?
Are you happy?
I wonder –
Are you happy…

Then their gone, I’m by myself again,
and the road leads
further on
towards my day, towards my life –

No one will ever know about
the meeting on the road,
it’s like it never happened –


(linka til Ein stück himmel hos Tina's PicStory)

tirsdag 1. oktober 2013

Filtersmerte



Tala er ein grå mur,
tankane eit virvar, orda flyt
- Korleis kan eg tenkje
med alle dei usynlege dyra
trampande rundt i klasserommet
i korridorane, i skulegarden –

Tankane svevar oppunder taket,
ein stille røyk mellom lysarmatur
og tida kryp sakte over golvet
- som ein snegel gjennom sirup –
Og likevel går alt for fort
- dei usynlege dyra trampar rundt –

Eg dukkar i bøkene, prøvar feste blikket,
men ser berre meg sjølv, ser berre
dei andre
og alt mellom oss, det ingen vil sjå
- dei usynlege dyra som sit rundt pulten min,
eg er ein fange i min eigen fridom

Snart ringer klokka, snart vil dyra reise seg,
filteret mellom meg og det uunngåelege
vil rakne
og eg vert ein skugge, eit gjenferd
gjennom skjelettet av eit varmt hus;
Eg glir i eitt med interiøret
og forsvinn – før dei ville dyra rekk reagere


#vanskeleg

Det er få ting som er vanskelegare enn å lære seg algebra eller tyske verb, viss det einaste ein tenkjer på er korleis ein skal komme seg heilskinna gjennom neste friminutt.