Ein dag som denne,
der solblomar spirar frå hjartet
Ein dag som denne,
der skuggane kvelar hjartegloa
Ein dag som denne,
der likegyldige luftdrag dyttar mot
huda
Ein dag som denne,
ja, ein heilt vanleg dag kunne det
vere
Ein dag som denne,
var det eg møtte deg, første gong
Ein måndag, ein vanleg dag i august
Utan trompetfanfarar, eller konfetti
og røyk
Ein vanleg dag, for milliardar av
menneske,
Ja, ein heilt gjennomsnittleg dag –
Men ikkje for meg, ikkje for deg,
ikkje for – oss…
Solblomar visnar, skuggar vert lys,
likegyldige vindar
vil komme og gå
Det er dagar som denne,
dagar som går – og vi har møtt dei saman
frå då av
