Viser innlegg med etiketten bustad. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten bustad. Vis alle innlegg

fredag 7. juni 2013

Lite til



Det skal ikkje mykje til:
- ein grasflekk, nokre kvadratmeter
tørt og handfast land,
ei stille vik,
eit tre, eller to
og kanskje ein fot eller så med jord
Det skal ikkje mykje til,
før eit menneske, ein eller annan gong
har funne det verdt
å busetje –

lørdag 19. januar 2013

Husdiktet




Dette diktet er eit hus
eit digert, vakkert hus
eller, eit ganske lite
og koseleg
Eit du kan bu i

eller, ikkje eit heilt hus
eigentleg er det reisverket til huset
det som held det oppe

ikkje treverket eller betongen
men det som er mellom

veggane
alt som fyller tomrommet inni
For kva hadde vel eit hus vore,
utan tomrom mellom veggane?

Akkurat. Og det er dette diktet!