torsdag 7. februar 2013

Som før



Når eg ser i gamle album
med gulna, falma bilete
av tider som ikkje lenger finst,
får eg ei kjensle av noko fjørlett

Noko som stryk meg forsiktig over huda
som ei stille kviskring i skogen
eller mumling frå ei kveldsbøn
under tunge vinterdyner

Noko grip fatt i meg, dreg meg til seg
og inn i seg, som eit dragsug etter vinden
eller som ei bølgje
som dyttar meg inn på ei ukjent strand

Eg ser på husa, fjøsa, kulturmarkene
og menneska
med alvorlege fjes, nesten sørgmodige

Born som står rake,
born som stirrar roleg mot kamera,
og det er rett før, sekundet før
dei trekk på smilebanda
og spring ut i leiken att

Og det er rett før dei alvorlege vaksne
med dei slitne fjesa
fortel ein vits – eller kanskje like etter,
og at dei har samla seg inn i siste liten

Rett før, og like etter
noko anna, noko som var kjekt
og som dei syntes om
men som aldri kunne komme med
på biletet

Eg reknar med det var slik då,
for det er slik no,
inst inne er menneska som før

og
dei som ser i mine album
om hundre år
vil aldri kunne fange inn essensen
av det som var

berre overflata av alle ting

onsdag 6. februar 2013

Triste...



Du skriv så triste dikt!
sa ein av mine gode vener
til meg, her ein kveld
Vi prata om laust og fast,
og aller mest om laust
som vanleg

Du skriv så triste dikt,
og eg forstår ikkje
kvifor?
Du er då ein tøysekopp
og fjaseklovn og seier så mykje
hinsides all fornuft,
så kvifor speglar ikkje dikta
deg?

Fordi av og til, svara eg,
av og til er det godt å la maskene falle
og berre vere totalt ærleg
med korleis eg har det
og kva eg tenkjer på
og kva som rører seg i hjarta mitt

For visst er eg glad, og visst kan eg tulle
og visst likar eg vitsar og moro
og leik og spel
Men eg har fleire lag, min venn

I det eg seier det, ser eg ei tåre
i augekroken hans,
og det byrjar å strøyme ut ærlege ord
om sorg og frykt og lengsel

Så sat vi der, og var triste i lag
og delte litt av det som til vanleg er skjult

Kanskje det er ei (magisk?) evne eg har,
tenkte eg då,
å gjere folk triste…

tirsdag 5. februar 2013

Ikkje gråt



Barn, ikkje gråt,
denne kappa er flyktig
som eit lag støv:
Eit pust, det vil fly
og eg vil igjen vere fri!

No er eg kald,
alle molekyla er fastfrosne
og stivna, midt i dansen
Eg er eit stillbilete
av noko som ein gong var

Men barn, ikkje gråt,
for ved enden av denne vinteren
vil sola stige over fjella
og løfte av det kvite lakenet

Igjen vil varmen fylle atoma,
frå ytst til inst
og eg vil bli eit magasin
for den evige varmen
frå Han som knuste vinteren
og gav løftet om ein evig vår

Så barn, ikkje gråt,
men kvil her, i det kvite,
med håpet som hovudpute, for
eg kan allereie sjå
dei første strålane over fjella

Krympe



Orda du sa
gjorde meg
usynleg og liten;
eg krympa ut av stolen
under bordet
heilt ned i golvteppet;
ein ukjenneleg prikk i det store rommet,
der du no må bøye hovudet
for ikkje å kollidere
med taklampene