det
var her eg sat
her
på
grensa mellom hav og land
kor
dei veldige vassmengdene
knuser
seg sjølve mot steinar og berg
her
kor
landet ein gong steig frå djupet
på
grunn av eit ord
og
mennesket har kjempa for sine liv,
ein
kamp mellom naturkrefter og svolt
vind
og død
og
grensene mellom flaks og dugleik
ikkje
lenger eksisterer
det
var her eg sat
i
takksemd
over
alt det som har vore gjort
og
alt det eg sjølv slepp å gjere
det
var her eg sat
i
starten av påska
og
tenkte på grensekrysningar,
kor
langt nokon er villig å gå
for
andre
og
kor mine eigne grenser
for
offer
er
trekte
det
var her eg sat
her
på grensa mellom død og liv
kor
dei veldige ævearmane
knuser
seg sjølve mot spyd og mot tre
her
kor
landet ein gong steig frå djupet
på
grunn av eit mord
og
mennesket ikkje lenger må kjempe
for
havet vart knust
ein gong for alle
Vackra tankar, och bild. Glad Påsk!
SvarSlettVilken dramatiskt vacker text och bilden är lika vacker och dramatisk den med!
SvarSlettDu skriver så flott! Og bildet passet utrolig bra til.
SvarSlett