han
ligg stille no
medan
graset fortset å gro
og
fuglane flyg i vinden
som
rører opp havet
så
bølgjene slår, vedvarande
mot
dei tause, trauste strendene
og
han ligg stille, heilt stille no
alt
han eig har eit lag av støv over seg –
snart
kjem dei og plukkar det vekk,
bit for bit, bilde for bilde,
gullmynt for gullmynt
til alt som er tilbake er den tause
kroppen
stille
no
og
han ligg stille, ja, heilt heilt stille
og
alt han eigde er vekke
medan
graset fortset å gro
og
fuglane flyg
over
verda, den snurrande kloden
der
liv kjem, liv går
og
den merkelege tanken om å eige
fortsatt
lever
på
lånt tid
Love the wispy boughs quietly reaching into this snowy world. delightful.
SvarSlettFlott bilde!
SvarSlettDu er flink å skrive dikt!
Beautiful winter trees. Soon it will be spring.
SvarSlettLove the stark, bare branches in winter.
SvarSlett