1
Nokre
ser på verda som i gråtoner,
ser
sitt eige liv
og
andre liv
som
lyse og mørke skuggar
mot
kvite og svarte veggar,
ser
alt som hender
som
tilfeldige forløp
der
utgangspunkt og mål
er
likegyldige faktorar
Ja,
nokre ser verda i gråtonar
og
plasserer seg sjølv
som
eit penselsprut
i
det som slett ikkje er eit maleri
men tilfeldig søl
av svart toner
2
Nokre
ser på verda som ein illusjon
ser
sitt eige liv
og
andre liv
i
lys av draumar og fantasiar
utan
bakkekontakt
eller
samanheng
ser
det meste som hender
som
ustyrteleg morosamt
eller
djupt tragisk
utan
at nokon av delane
verkeleg
berører
Ja,
nokre ser verda som på film
og
plasserer seg sjølv
i
ei av rollene,
undrar
på kva som vil stå
i
rulleteksten
3
Nokre
ser på verda som ein kollasj
ser
sitt eige liv
og
andre liv
som
bitar av noko større
noko
fargerikt og lyst og mørkt
og
uendeleg
ser
alt som hender
som
eit ledd
i
ei handlingsrekkjefølgje
med
meir eller mindre meining
Ja,
nokre ser verda som noko logisk
og
plasserer seg sjølv
som
ein tiltenkt bit, noko skapt
i
det skapte,
noko
vakkert i det vakre
noko
grått i det grå
noko
fritt
med
alle sjansar opne…



Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar