kunne
vi berre sjå
kunne
vi berre høyre
kunne
vi berre sveve
på
luftstraumane
høgt
over landskapet,
utanfor
historia,
på
tvers av alle galaksar og tider
og
sjå samanhengen –
då
ville mykje vore annleis,
då
ville vi forstått
kor
lite vi ser
frå
desse utgangspunkta,
og
kor avgrensa våre liv verkeleg er
kunne
vi sjå
alt
høyre
alt
lese
alt
oppfatte
alt
frå
alle perspektiv –
ville
vi ikkje hatt noko utgangspunkt
i
det heile
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar