for meg er påskedagen gul,
den er ro, den er håpets farge
eg
kjenner noko frå djupet
-
eit anna djup enn mitt –
stige
mot overflata
og
fylle dagen med eit strålande lys
og
gleda strøymer som musikk
gjennom
kvar pore i huda
og
varmar celler og vev
som
i ein symfoni, eit samstemt kor
utan
botn, utan topp, utan kantar,
det
berre er
berre
er –
for
meg er påskedagen
sjølve
eksistensgrunnlaget,
startgropa
for alt eg elles er
for
meg er påskedagen
så
altoppslukande
at
gleda og håpet fyljer med meg
resten
av året
Så vackert! Och att låta hoppet vara med hela året ... att låta det bära ...
SvarSlettThe weeping branches of the tree against the sky are fantastic. I love that time of day, the coolness, stillness, and gentle light.
SvarSlett