orda
stansar
sluttar
å trille som steinar
på
botn av bakken, over sletta
der
alt vert bremsa, alt vert stoppa
eg
stirrar fortvila
ser
alle kombinasjonar falle til jorda
som
daude lauv, som visna gras
all
romling er vekke, all rulling er over
- orda
må opp att -
eg
dyttar det eg er god for
vil
tilføre ny energi, nye krefter
vende
tilbake til der eg eingong var
men
orda let seg ikkje rikke
eg
set meg ned
finn
ei støtte for ryggen, ei kvile
for
såre armar, såre føter
legg
hovudet til ro i hendene, alt er stille
då
høyrer eg kviskringa
frå
tidlegare rullande steinar
ord
utan kraft, som eit sus i vinden
stille
ord frå ein djupare grunn
eg
rettar ryggen
let
auga gli over fjorden
tek
inn lyset, tek inn stilla, let meg senke
inn i den mjuke freden frå tause ord
A wonderful photo!
SvarSlett